NBUtipset.no har fokus på humoristisk litteratur i september 2018 . Det blir intervju med i alt fire forfattarar som har både brei og lang erfaring med å skriva og illustrera humoristiske bøker. Arnfinn Kolerud er tredje forfattar ut:

Foto: Kristin Oldeide

Namn: Arnfinn Kolerud

Født: 1968

Alder for forfattardebut: 28 år

Årets bok/bøker/seinaste utgjeving: Snillionen (2017)

Fem kjappe:

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer…
Einar Økland skreiv som konsulent ein gong at manuset mitt var fullt av lystig depresjon og lystig desperasjon. Det var godt formulert.

Nett no les eg…To mafiabøker. De modige av Per Kristian Aale, og Camorraland av Mariangela Cacace. Ikkje akkurat humor.

Boka som forandra livet mitt…Hvite niggereav Ingvar Ambjørnsen. Det endra synet mitt på kven som kan vere hovudperson i ei bok.

Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive…Charlie og sjokoladefabrikken, minus dei skrøpelege besteforeldra. Karius og Baktus. Og Moskva-delen av Mesteren og Margarita.

Boka eg gjerne gir i gåve…Mulysses av Øyvind Torseter. Passe lang, passe rar, passar for alle.

 Kva synest du er god humor sjølv?

Det er lettare å seie kva som ikkje er god humor. Eg er ikkje så glad i ironi og underbuksehumor og altfor opplagte poeng. Det meste anna kan eg le av.  

 Korleis kjem dei ideane til deg?

Humoren dukkar opp av seg sjølv, mens eg skriv. Det er sikkert hjernen som har vent seg til ein måte å gjere små tankesprang på. Noko plukkar eg frå eige liv. Eg var over 40 da eg første gong prøvde å kome meg opp på ein luftmadrass, i lårhøgt Middelhav, med bølger i mot. Ganske komisk å sjå på, vil eg tru. I boka mi let eg ein gamling gjere det same.

 Den seinaste boka di, Snillionen, tar opp etiske og moralske problemstillingar kring pengar og kva pengar gjer med oss. Er det lettare å skriva om alvor når ein kan bruka humor?

Det meste går lettare med humor.  Det kan vere godt å le i gravferder, utan at det tar plassen til sorga. Humor i forelesningar står ikkje i vegen for å tileigne seg kunnskap. Mange fotografar har vore litt klovn for å få gode bilde av ungar.

 Ler du av dine egne påfunn i prosessen?

Av og til. Frå siste boka mi lo eg av ei setning der ein pensjonist skal lære ein innvandrar norske lydar: «Dei hadde ikkje u i landet han kom frå, enda det var eit u-land.» Det er jo ei meiningslaus setning, men eg liker at forteljarstemma framstår som litt ung og alt anna enn allvitande.

 Det er ikkje kvart år det kjem ei bok frå di hand, kan du fortelja litt om din lange tanke- og skriveprosess?

Eg planlegg aldri noko før eg skriv, så eg rotar meg ofte inn på blindvegar. Så vil eg gjerne skrive setningar som ikkje står i andre bøker. Og når eg først trivast i fortellinga, vil eg gjerne vere der ei stund, skrive ei side om att og om att for å gjere den litt betre for kvar gong. Til slutt tar det tid å kille darlings, og da har det plutseleg gått eit par år.

 Kvifor trur du både barn og unge treng å lesa humoristiske bøker?

Det trur eg legane svarer best på, kva effekt latter har på helsa vår.

Blir du ofte overraska over kva folk synest er morosamt med bøkene dine?

Nei, eg blir mest overraska over at ei skuleklasse ikkje ler av det same som den førre skuleklassa lo av.

 Likar du å lesa humoristiske bøker sjølv, i så fall kva bøker får deg til å le?

Dei tre siste åra har eg site i vurderingsutvalet, og der har eg ledd mykje av Ragnar Aalbu og Bjørn F. Rørvik og superbitchene til Solberg. Før lo eg mykje av Kafka, faktisk, og den tilbakelente stilen til Gogol og Dickens.

 Har du eit tips til folk som gjerne vil øva opp og utvikla sin eigen humor?

 Ikkje anna enn å leite og finne. Eg har høyrt på Knutsen og Ludvigsen, sett på nonsens-humoren til Tommy Cooper på YouTube og vore gjennom ei Fredrik Stabel-periode. Elles ser eg på folk og kva dei gjer på, gjerne på menn som vil opp på ein luftmadrass.

 Eit siste kosespørsmål: Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Ingen spesiell, men eg har alltid hatt sansen for Rune Belsvik, ikkje minst å høyre han lese høgt. Mange av oss andre ber preg av for mykje aleine-sitting når vi skal ut og lese, men Belsvik berre busar på og eig heile rommet, som dei seier på Idol.