Av: Tor Arve Røssland og Ingelin Røssland, Begge er tidlegare leiarar for NBU sitt litterære råd.

Det er NBU sitt litterære råd som avgjer både Staten sine stipend og NBU sine stipend. Og du må søkje på desse to separat. NBU nyttar sine eigne heimesider for stipendsøknader, og hos Staten må du innom Kulturrådet sine nettsider for å søkje.

Litteraturen

Bøkene du skriv er sjølvsagt det viktigaste grunnlaget for ei stipendtildeling. Er du ein aktiv forfattar som skriv bøker som det til ei kvar tid sitjande rådet vurderer som kunstnarisk gode? Då stiller du sterkt! Er det for lang tid sidan førre bok, så vil kanskje rådet at du skriv i alle fall ei bok til før stipend blir gitt. Kva som er «for lang tid» varierer frå forfattar til forfattar, men er det over fem år sidan sist du gav ut noko, då stiller du svakare enn dei som er meir aktive.

Rådet ser også på ambisjonsnivået i søknaden, dei ser på kor vidt dette berre er ein kopi av fjorårets søknad og kor vidt du har realisert tidlegare prosjekt som det har blitt søkt for, og om planane verkar interessante å gje stønad til.

Dei som sit i rådet er forfattarar dei også, og dei skjønar at planar kan endrast i eit kreativt liv. Dersom du får ein flunkande ny idé etter du har fått stipend basert på ein annan idé, så ikkje fortvil. Så lenge du produserer gode bøker så er det ikkje så farleg om du viker frå det du søkte om. Det er ingen som inndrar stipend av den grunn.

Arbeidsstipend

Dei mest attraktive stipenda er sjølvsagt arbeidsstipenda. Summen her aukar som regel litt år for år, og ein kan trygt seie at eit arbeidsstipend kan endre liv.

Det finst ulike typar arbeidsstipend frå Staten:

 Arbeidsstipend, frå 1 til 5 år.

Arbeidsstipend for yngre / nyetablerte, frå 1 til 3 år.

Arbeidsstipend for etablerte, 10 år.

Seniorstipend, kan berre søkjast av kunstnarar over 57 år, og varer til ein blir pensjonist.

Frå i år treng du berre fylle ut eitt enkelt søknadsskjema når du søkjer på Statens kunstnarstipend. Uansett kor mange stipendordningar du søkjer på. Men du må sjølvsagt fylle ut NBUs stipendsøknad i tillegg.

For å motta Statens stipend kan du ikkje arbeide meir enn 50 % ved sida av, og Staten krev at du sender inn årleg rapport om bruken av stipendet.

NBU har sine eigne arbeidsstipend, og her er det ingen krav til rapportering eller kor mykje jobb du har utanom. Men rådet følger med på kva bøker du gir ut.

 Diversestipend

Diversestipend kan du søkje for å ta permisjon frå jobben nokre månader for å konsentrera deg om eit bokprosjekt, treng ny datamaskin, programvare og/eller skrivar, treng å dra på researchtur eller liknande.

Staten deler ut diversestipend inntil kroner 80 000,- (2016-tal).

NBU har inga øvre grense på diversestipend.

Vanlige ”feil”

Ein vanlig ”feil” er at ein berre søkjer på dei statlege stipenda eller berre NBU sine stipend, eller berre arbeidsstipend eller berre diversestipend.

Du kan stort sett skrive det same i alle søknadane, klipp og lim, altså.

Ein annan ”feil” er at ein ikkje kryssar av på alt.

Har du kryssa av på alt? (Ill: pixabay)

 

SØK PÅ ALT DU ER KVALIFISERT TIL

Rådet sin jobb er å setje saman puslespelet om kven som får kva. Og det mykje lettare når alle har søkt på alt. Kvart einaste år er det forfattarar som går glipp av store summar på grunn av latskap i søknadsprosessen. Tenk om det var deg i fjor!

 Og så noko viktig: Er du i etableringsfasen dvs. at du kanskje berre har gitt ut ei, to eller tre bøker, så kan du søkje stipend for yngre nyetablerte kunstnarar også viss du er over 35 år. Men det er då viktig at du argumenterar spesielt på kvifor du søkjer dette stipendet.

 

Faktorar som IKKJE er relevante for rådet

Sjukdomshistorie, oppussing, ferieturar, samlivsbrot, pc-krasj, oppveksttrøbbel, innbrot og liknande. Dette kan høyrast brutalt og kjenslelaust ut, men faktum er at rådet berre skal sjå på den kunstnariske aktiviteten, og den kunstnariske ambisjonen i søknaden din. Desse andre tinga vil vi heller at du eventuelt skriv om i bøkene dine.

 

Har du sett kryss på alt no?

Då er det tid for grunngjeving. Det er ikkje nok å skrive at du vil ha arbeidsstipend eller diversestipend «for å skrive». Du må nok greie litt ut om kva du har tenkt å gjere. Det er til dømes så godt som umogleg å tildele eit Statleg stipend til ein søknad som har for tynn grunngjeving. Men det treng ikkje vere lange analysar av eigne tekstar, ei kort og konsis grunngjeving er det beste.

 

Døme arbeidsstipend:

Eg søkjer arbeidsstipend for å jobba med fleire bøker:

 

  1. Ei bok som skal handle om eit spøkelseshus. Boka skal ha to hovudpersonar: jenta Solveig bur i huset under andre verdskrigen, medan guten Jon besøker huset i vår tid. Altså same huset, men med mange år mellom dei to tenåringane. Dei skal likevel møtast gjennom eit overnaturleg fenomen.

 

Boka skal ta opp tematikk som skilsmisse, overgrep, fiendebilete og det å føle seg utanfor. Den er tenkt som ei spenningsbok som glir over i grøss innimellom. Eg meiner nemlig at grøssarsjangeren er spesielt god til å ta opp slike kjenslevare tema. Hovudkarakterane er begge sårbare, og med å utsetje dei for grøssande hendingar kjem dette endå tydelegare fram.

 

Boka er tenkt for ungdom mellom 10 og 16, og eg kjem til å skrive den på eit lettfatteleg nynorsk.

 

  1. Bok som handlar om … (Fyll inn det som passar)
  2. (Osv Osv)

 

Eg søkjer femårig arbeidsstipend for å fullføre desse bøkene.

 

Døme diversestipend 1:

Eg søkjer diversestipend for å kunna bytte ut ein sørgelig gammal pc med ei ny og fin maskin som eg kan skrive framtidige meisterverk på. Vil gjerne ha ei bærbar maskin, sidan eg er mykje på reise.

 Søkjer om 15 000 kroner, sidan eg også treng programvare, eit eksternt tastatur og ekstern skjerm.

 Døme diversestipend 2:

Eg søkjer diversestipend for å kunna ta permisjon frå jobben min tre månader for å jobbe med bokprosjekt (fyll inn det som passar) som handlar om (fyll inn det boka skal handla om og kvifor du vil jobbe med dette prosjektet).

Summen eg søkjer om er 80 000 kroner.

Døme diversestipend 3:

Eg jobber med eit bokprosjekt som handlar om (fyll inn det som passar) og sidan mykje av handlinga føregår på Island så treng eg å dra ein tur dit for å ri på islandshest, bade i varme kjelder og lære meg litt islandsk sidan hovudpersonen min drar på ei sånn reise.

Eg vil trenga ca 50 000 kroner til reisa.

Språkkurset eg gjerne vil delta på kostar 25 000 kroner og i tillegg kjem reise, kost og losji.

Som du no sikkert har skjøna så kan du søkje om diversestipend for det meste, og sjølv om du kanskje helst vil ha arbeidsstipend så er det vel ganske greitt å kunna få støtte til å jobba tre månader med bokprosjektet også?

NB: Du kan ikkje søka om diversestipend for å dekke utdanning.

Viktig å sjekkeheilt til slutt

Har du kryssa av på alt? Søkt på alle stipend?

Har du skrive korte grunngjevingar?

Har du sjekka at du kvalifiserer til dei stipenda du søkjer?

Har du hugsa å sende søknaden innan fristen.

Viss du kan svare ja på alt dette, så er det berre ein ting for rådet å seie: Lykke til, Rådet gler seg til å handsama søknaden din.

Her finn du søknadsskjema for å søkje stipend frå NBU.

Her finn du søknadsskjema og informasjon om Statens Kunstnerstipend.