Denne boka passar for deg som ikkje får sove!

Tittel: Pling vaken

Forfattar: Irene Ahnéll

Illustratør: Elisabeth Moseng

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: 32

Sjanger: Bildebok

 

Kort om handling:

Klara får ikkje sove. Ho gjer alt ho kan for å få det til, som å drikke litt ekstra vatn, ta ein ekstra tur på do og prøve å få mamma til å syngje endå ein nattasong. Men same kva Klara gjer, er ho like pling vaken.

Og det blir ikkje enklare når monsteret i skåpet heller ikkje får sove!

Tekstutdrag:

 Mamma skjønar jo ingenting.

— Ja, men eg FÅR jo ikkje sove!

— Då får du telje sauer!

— Ja, men …

— No legg du deg og søv, elles gjer eg deg arvelaus! seier mamma.

Ho sløkkjer lampa og går ut. Klara prøver å telje sauer. Men nei. Pling vaken.

 

Tre rosande superlativ: morosam, overraskande og sprelsk

Irene Ahnéll (f. 1971) bur i Bergen, der ho arbeider som skodespelar og regissør. Ho er kunstnarleg leiar for teaterkompaniet Krabatene, som særleg lagar teater for barn og unge. Pling vaken er debutboka hennar.

Elisabeth Moseng(f. 1967) er illustratør og forfattar. Moseng er utdanna ved Westerdals i Oslo og Kingston University i London. Ho er tilknytt illustratørfellesskapet Illustratørene i Oslo.

 

Lenke til boka hos forlaget: Samlaget