Denne boka passar for deg som vil lesa ei annleis bildebok om å vere sjuk.

Tittel: Skalla

Forfattar: Randi Fuglehaug

Illustratør: Nora Brech

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: 24 sider

Sjanger: Bildebok

 

Kort om handling:

Den første dagen Iben er på sjukehuset, møter ho Skalla-Malla. Ho vil vise Iben rundt, og saman dreg dei til hemmelege og magiske rom. Kan ein ha det kjekt sjølv om ein er sjuk?

Skalla er ei bok om godteriblomstrar, diskodans og magien som kan oppstå i nye vennskap.

 

Tekstutdrag:

Ho prøver å ikkje stire då jenta kjem inn.

Iben kjenner jo menneske utan hår. Farfar har berre kvite fjon rundt dei skrukkete øyra. Vesle-kusina har ikkje fått eit einaste hår enno.

Men babyar og besteforeldre tel ikkje.

Ho kjenner ingen utan hår på sin eigen alder.

Men no står det ei jente rett framfor henne, med ein skalle så blank at Iben er sikker på at det går an å spegle seg i han.

 

Tre rosande superlativ: Rørande, leiken og fargerik!

Randi Fuglehaug (f. 1980) kjem frå Voss og er busett i Oslo. Ho er frilansjournalist og har også skrive sakprosabøker for både barn og vaksne. Fuglehaug debuterte skjønnlitterært i 2017 med bildeboka Papelina.

Nora Brech (f. 1988) er illustratør og forfattar. Ho bur i Oslo og er utdanna ved Westerdals.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget