Denne boka passar for deg som har ein eventyrar i magen!

Tittel: 10 ville ekspedisjonar

Forfattar: Pia Strømstad

Illustratør: Trond Bredesen

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: 44

Sjanger: Faktabok for barn

 

Kort om handlinga:

Kva er det som får folk til å reise til stader der ingen før har vore? Til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende attende?Vi blir kjende med utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake.

Ti ville ekspedisjonarfortel kunnskapsrikt og underhaldande om ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte renser og finne svar. Dette er historier som kan utfordre unge lesarar, og som dei også kan kjenne seg igjen i.

 

Tekstutdrag:

Motorane brølar. Det er som om dei samlar alle krefter og løftar den tunge måneraketten frå bakken.

– Vi tar av! melder dei frå kontrollsenteret. – Vi tar av!

Det ryk framleis frå dei kraftige motorane da raketten med Neil Armstrong, Edwin «Buzz» Aldrin og Michael Collins om bord forsvinn som ei kvit stripe mot himmelen.

 

Tre rosande superlativ: Lærerik, underhaldande og inspirerande!

Pia Strømstad(f. 1963) er journalist og har skrive fleire faktabøker for barn tidlegare, mellom anna om spøkelse, julenissen, olje og 17. mai. For boka Olje blei ho nominert til Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomsbøker 2011 i kategorien for beste fagbok. Den siste boka hennar er Do. Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie(2017), illustrert av Flu Hartberg.

 Trond Bredesen(f. 1956) har jobba med design, kommunikasjon og reklame og som illustratør for aviser og bøker. Han har mellom anna illustrert barnebokserien om kunstdetektivane av Bjørn Sortland og har fått fleire prisar for arbeida sine.

Lenke til boka på forlagets heimeside: Samlaget