Denne boka passar for deg som har kjent på utenforskap og som helst vil vere som alle andre.
Tittel: Jakob og Neikob og Alle andre
Forfattar og illustratør: Kari Stai
Forlag: Det Norske Samlaget, 2018
Sidetal: 30
Sjanger: Bildebok
Kort om handlinga:
Jakob og Neikob leitar etter Alle Andre på bussen, i havet og i verdsrommet. Til slutt finn dei han på planeten Uno. Der er det også ei klonemaskin. Kanskje Neikob faktisk kan bli heilt lik Alle Andre?
Tekstutdrag:
– Neikob, er du lei deg?
– NEI, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.
Tre rosande superlativ: Underfundig, absurd og morosam
Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob Historiene om desse har vunne fleire prisar, og blir karakteriserte som moderne barnebokklassikarar. Dei er omsette til fleire språk og blitt animasjonsfilm og teater.
Lenke til boka på forlagets heimeside: Samlaget