Denne boka passar for deg som vil lesa ei annleis bok om å vere mørkredd.

Tittel: Mørkt

Forfattar: Gyrid Axe Øvsteng

Illustratør:  Per Ragnar Møkleby

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: 51

Sjanger: Bildebok

 

Kort om handling:

Dag er redd for å bli borte i mørkeret, han held seg vaken så lenge han kan. Men denne kvelden byrjar mørkeret å bråke. Det kjem nærare og nærare, og brått er Dag midt inne i ein bekmørk tornado. I mørkeret møter han Natalia, og motet.

Den prisvinnande duoen Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby har igjen skapt ei eksplosiv forteljing med eit kjenslevart utgangspunkt. I Mørkt tematiserer dei redsle på ein høgst original måte. For kva skal ein gjere når det verste ein kan tenkje seg, faktisk skjer? Bli med Dag inn i mørkeret.

 

Tekstutdrag:

 

– Eg trudde ein blei borte i mørket.

– Det er ljoset som er farleg her. Det er der ein blir borte.

 

Borte i ljoset. Bakvendt og opp ned.

Dag likar ikkje slikt som er vrangt.

 

– Er ikkje du redd? For å bli borte? I ljoset?

– Korfor skulle eg det? Ljoset er. Eg er.

 

Tre rosande superlativ: Kjenslevart, spennandes og originalt

Gyrid Axe Øvsteng(f. 1974) er forfattar og dramatikar frå Vågå. Ho debuterte skjønnlitterært med bildeboka Finn! i 2009. Øvsteng har utdanning innanfor teatervitskap og nordisk. Ho er busett i Skien.

Per Ragnar Møkleby(f. 1974) er illustratør og grafikar frå Lørenskog, busett i Skien. Møkleby har laga fleire bøker saman med Øvsteng, og dei fekk både KUDs bildebokpris og Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok for Førstemamma på Mars i 2013.

Meir om boka på forlagets heimeside: Samlaget