Denne boka passar for deg som vil lesa fantasifulle dikt frå den grøne skogen.

Tittel: Skogen den grøne

Forfattar: Ruth Lillegraven

Illustratør: Mari Kanstad Johnsen

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: 61

Sjanger: Dikt for barn

 

Kort om handlinga:

Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina?

Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga Eg er eg er eg er skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I Skogen den grøne følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen – og inn i poesien.

 

Tekstutdrag:

høyr!
kviskrar stien

 

hausten spring

gjennom skogen

stel sommaren

og kjem med

vinteren

 

og sjå!

gule lauv ligg og

lyser på bakken

 

det er gullmyntar

som hausten har

strøydd ut

 

Tre rosande superlativ:  Underfundig, fantasifull og vakker!

Ruth Lillegraven (f. 1978) frå Granvin vann Brageprisen 2013 for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen.

Mari Kanstad Johnsen (f. 1981) er ein kritikarrost illustratør og forfattar. Ho har vunne mange prisar for bøkene sine.

Lenke til boka på forlagets heimeside: Samlaget