Denne boka passar for deg som vil lesa ein barnelitterær klassikar.

Tittel: Trollguten og andre dikt

Forfattar: Jan Magnus Bruheim

Illustratør: Jens Ivar Kristensen

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: ??

Sjanger: Dikt for barn

 

Kort om handling:

Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk i Gudbrandsdalen var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for barn. No er dei mest sentrale og kjære dikta for barn samla i ei utgåve, med nye illustrasjonar av Jens Ivar Kristensen.

Tekstutdrag:

Syskenringen


Ei natt då eg låg og drøymde,

drøymde eg om eit band.

Eit band som gjekk over alle 

grenser, og alle land.


Ein drøymer så mangt. Men undren

vart eg vel då eg fekk sjå

at dette eg trudde var eit band

tok til å livne – og gå.


Då såg eg tusentals hender 

hekta i hop til eit band 

som gjekk over alle grenser 

og gjekk gjennom alle land.


Det var både ung og gamal,

det var småborn med far og mor. 

Dei laga så sterk ein syskenring 

som rakk kring den heile jord.

 

Tre rosande superlativ:  Barnelitterær klassikar med nydelege illustrasjonar

Jan-Magnus Bruheim (1914-1988)frå Skjåk i Gudbrandsdalen var gjennom heile diktarlivet oppteken av å skrive for barn. No er dei mest sentrale og kjære dikta for barn samla i ei utgåve, med nye illustrasjonar av Jens Ivar Kristensen.

Jens Ivar Kristensen (f. 1975) arbeider som illustratør og bildekunstnar i Oslo. Han har illustrert ei rekkje barne- og ungdomsbøker.

Lenke til boka på forlagets heimeside: Samlaget