Det er nok fleire enn eg som likar å lesa bøker og å sjå filmar som er skikkelig skumle. Eg hugsar enno kor herleg skremt eg blei då eg las boka  Carrie av Stephen King. Skikkelig skumle bøker for barn og unge var ei mangelvare på 1990-talet. Sånn er det ikkje lenger.

 Av: Ingelin Røssland

Hausten er tida for faretruande skuggar og spøkelseshistoriar; då eg var i tenåra prøvde me oss også på spiritisme. Alle skulle legga fingeren på eit glas og så gjekk glaset frå bokstav til bokstav og ga svar på livets gåter. Det var som regel ein luring som førte glaset, men det var likevel pirrande nok. For tenk viss det var sant? Dette var ritual som fekk fantasien til å gå på høggir, og det å gå heim åleine ein mørk haustkveld i regn og vind blei veldig skummelt.

Fellestrekk innan skrekksjangeren er at historia byr på eit monster i form av vonde krefter (som eit spøkelse, djevelen eller andre overnaturlige skapnader), eit fysisk monster (som ein stor hai eller dinosaurar) eller eit monster i menneskeskapnad (altså ein person som det gjerne har klikka fullstendig for). Eit anna fellestrekk er at hovudpersonen eller hovudpersonane på ein måte inviterer dei vonde kreftene inn i livet sitt ved at dei bevisst eller ubevisst utfører ei synd. Det kan vera at ein gjeng ungdommar utfordrar eit ritual som skal vekka ei vond kraft til liv. Dei gjer det på tull, men så blir det verkeleg. Synda er at dei er respektlause, og no skal dei få svi. Dei vonde kreftene er ute av kontroll. Spaninga er knytt til om dei vonde kreftene kan stoppast og kor mange som kjem til å døy før ro og orden er etablert igjen.

Temaet i NBUtipset.no i november er skrekk, grøss og gru. Denne månaden er det intervju med to forfattarar som har skrive bøker innan denne sjangeren. Den eine av dei to er svært erfaren og har lang erfaring med å skremma barn og unge, mens den andre gjer sin grøssardebut no i haust. Me gler oss til å lesa desse to forfattarane sine tankar og innfallsvinklar til temaet.