Denne boka passar for deg som vil lese ein slagkraftig ungdomsroman.

 

Tittel:Andromeda

Forfattar: Lars Mæhle

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: 229

Sjanger: Ungdomsroman

 

Kort om handling:

16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten dal på Vestlandet. Han trur han skal få ein lett match med å hevde seg her, men ting utviklar seg annleis enn han trur.

Andromeda er ein roman om unge menneske som på ulikt vis kjenner seg utanfor og annleis. Det er ei dramatisk historie om svik og lojalitet, posisjonering og sosialt spel.

Tekstutdrag:

 William og Samuel gav seg fader ikkje heller. Dei snøfta og slo og dundra laus. Nevane hamra og hamra. Dei var langt inne i ein sinnssvak rus av sprit og raseri. Det verste var at eg godt visste kva for tilstand dei var i. I eit mørke bortanfor alt. Der ein har gløymt alle reglar og all folkeskikk.

 

Tre rosande superlativer: drivande og relevant om utanforskap.

Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Han har fått Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen og Fabelprisen.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget