Denne boka passar for deg som vil lese noko skummelt om det som skal vere trygt!

 

Tittel: Den andre søstra

 Forfattar: Laura Djupvik

Forlag: Det Norske Samlaget, 2018

Sidetal: 87

 Sjanger:Lettlest, grøss og gru

 

Kort om handling:

Selma og familien har flytta inn i eit gammalt hus. Men Selma orkar ikkje vere åleine i huset. For der er det merkelege og ukjende lydar, og det skjer uforklarlege ting. Selma får vere i fred i hagen. Så dukkar Anna opp, ei jente Selma gjerne vil bli kjend med. Men kven er no denne Anna? Og kva løyndommar er det mor til Selma ber på?

Boka er del av GRØSS OG GRU – ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.

Tekstutdrag:

 

Det er så altfor stille, er det ikkje?

Eg opnar auga.

Set meg forsiktig opp.

Hjartet hamrar i brystet.

Eg snur meg mot huset, ingen der.

Strekker meg for å sjå mot vegen, ingen der heller.

Forsiktig vender eg meg mot dalen.

Då ser eg henne.

Tre rosande superlativ: Skummelt, lettlest og overraskande!

Laura Djupvik(f. 1970) er forlagsredaktør, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004.

Lenke til boka på forlaget si heimeside: Samlaget