NBUtipset.no har fokus på skrekk, grøss og gru i november 2018 . Det blir intervju med to forfattarar, ei heilt fersk i sjangeren og ein som har lang og brei erfaring. Tor Arve Røssland har skrive skumle bøker i mange år på fleire ulike forlag: 

Foto: Samlaget


Namn:
 Tor Arve Røssland

Født: 1971

Alder for forfattardebut: 28 år

Årets bok/bøker/seinaste utgjeving: Den tolvte spelaren, grøssar, ungdom, Samlaget.

 

Fem kjappe: 

 

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …

Det er mange! Det er alltid kjekt med elevar som kjem snikande bort til meg etter opplesing og seier at dei likar å skrive, og at eg har inspirert dei. Spesielt når det er heilt tydeleg at dette er skulens outsider.

 

Nett no les eg…

Både Can`t and Won`tav Lydia Davis, og Scary Stories to Tell in the Darkav Alvin Schwartz. Veldig ulike bøker, men begge to har korte og frittståande tekstar som høver til nattbordet.

 Boka som forandra livet mitt …

Forandra livet er vel å dra det langt, men eg har gode minne frå barnetimen og Charlie og sjokoladefabrikken av Roald Dahl.

 Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …

The Book of Illusions av Paul Auster.

 Boka eg gjerne gir i gåve …

Den siste boka eg gav vekk var Bruce Springsteens fabelaktige sjølvbiografi Born to Run.

 

Du har skrive mange skumle bøker på ulike forlag, kva er det som gjer at du likar så godt å skriva om det som er skremmande?

Eg får det godt til, synest eg, og eg likar å formidle bøkene til skuleelevar, noko som igjen gir meg inspirasjon til å skrive fleire skrekkbøker. Dessutan er skrekksjangeren veldig godt eigna til å ta opp vanskeleg tematikk, noko eg har gjort i fleire av bøkene mine.

 Kva bok er den mest skremmande du har skrive?

Det er kanskje den første boka i serien om Svarte-Mathilda? Men er eg nok ikkje rett person å spørje, dette må lesarane få avgjere.

 Kor hentar du alle dei «grufulle» ideane dine frå?

Dei same stadene som dei «koselege» ideane; folk eg møter, plasser eg reiser til, ungane mine, filmar eg ser og bøker eg leser. Og mitt eige liv, sjølvsagt.

 Likte du godt å lesa skremmande bøker i oppveksten?

Ja, eg slukte alt eg kom over av Stephen King, Clive Barker og Dean Koontz, i tillegg til teikneseriar som Iskalde grøss, og novellene i Alfred Hitchcocks utvalde.

 Kva er ditt beste boktips til barn og unge som likar å lesa skumle bøker?

Les Cujo av Stephen King, den er passeleg lang. Han er ein meister til å bygge karakterar og utsetje dei for forferdelege hendingar. Dette er absolutt ikkje ei barnebok, men ungar har godt av få mareritt av og til.

 Kva er viktig for å få til ei skikkelig skummel historie?

Det er det same som er viktig i alle historier; historia må vere truverdig, og for å få det til må du som skriv tru på den sjølv. Same kor urealistisk det er.

 Det å lesa skumle og skremmande ting kan vera frydefullt. Det er kjekt å bli skremt og så er det trygt så lenge det berre er ei bok. Er det på same måte for deg som forfattar også?

Eg har fleire gonger skremt meg sjølv med mine eigne bøker, og det er fordi eg lever meg veldig inn i skrømta mine, og både når eg skriv eller når eg formidlar bøkene mine så lar eg meg skremme med vilje, sjølv om eg veit at dette er oppdikta, så kjennest det veldig ekte der og då.

 Trur du at du kjem til å skriva fleire bøker i denne sjangeren? 

Dette handlar jo om kva idear eg får, og dersom eg får ein skummel idé så skriv eg den.

 Eit siste kosespørsmål: Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

 Ragnar Hovland, utan tvil, og ikkje berre barne- og ungdomsbøkene hans, men heile forfattarskapet. Og eg begynte å lese han lenge før eg var i målgruppa. Både dei underfundige karakterane og den språklege humoren har nok påverka meg noko heilt enormt.