Foto: Maja Hattvang

Anna Fiske vann Brageprisen med den lågmælte og vakre illustrerte ungdomsromanen, Elven. Romanen handlar om dei små og store tinga som gjer livet vanskeleg for tenåringsjenta Hanna. NBU gratulerar hjarteleg!

Anna Fiske (i blå kjole) sammen med de andre vinnerne av Brageprisen. (Foto: Taran Bjørnstad)

Juryens grunngjeving:

Anna Fiske har skapt si eiga rås i det norske barnelitterære landskapet. Bøkene til Fiske har i fleire år lukkast med å gjere baksider til framsider og sjå under overflata der andre ser bølger eller trygg is.

Elven er nettopp ei slik forteljing: Helena opplever brutal utanforskap både på heimebane og ute hos jamaldringane. Fiske skildrar like mykje med tekst og bilde eit ugjestmildt vinterlandskap av iskald mobbing og indre uro som trykker hovudpersonen ned gjennom tynn-isen. Men Elven er òg eit nært portrett av eit ungt kunstnarsinn som skal finne si eiga stemme midt opp i alt dette. Lesaren tek del i Helenas sterke modningsprosess, metaforisk skildra som ei vårløysing: ”Nesten all snøen har smeltet i løpet av natten, sånn er det, plutselig kan allting forandres” skriv Fiske, som klarer kunststykket å gjere eit nyansert og symboltungt bildespråk så intuitivt og treffsikkert at lesaren nærast kjenner det på kroppen når is-slottet gradvis smeltar, fargane kjem fram og Helena endeleg maktar å ta meir plass. Dette er ein brennande intens melodi ein ikkje kan skru av, ein vakker komposisjon med poetisk vidd og spanande dramaturgi. Elven er eit uomgjengeleg smelteverk i forfattarskapen til Fiske.

Anna Fiske (f. 1964 i Sverige) er forfattar, illustratør og teikneserieskapar, busett i Oslo. Ho står bak ei  rekkje biletbøker og teikneseriar, både med eigne tekstar, og som illustratør for andre forfattarar.