NBUtipset.no har fokus på skrekk, grøss og gru i november 2018 . Det blir intervju med to forfattarar, ei heilt fersk i sjangeren og ein som har lang og brei erfaring. Laura Djupvik har skrive sin første grøssar, men det blir neppe den siste frå hennar hand. 

Foto: Rolf M Aagaard

 

Namn: Laura Djupvik

Født: 1970

Alder for forfattardebut: 34

Årets bok/bøker/seinaste utgjeving: Den andre søstera

 

 Fem kjappe: 

 

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …

Etter debutboka mi fekk eg e-post frå ein professor som først skreiv mykje fint om boka, men avslutta med følgjande: «But is it art?» Den satt. Eg seier det innimellom høgt til meg sjølv, for moro skuld.

 Nett no les eg …

En liten historie om kjærlighet av Ulf Stark, illustrert av Ida Björs. Har nettopp lest ferdig Drit i det! av Sarah Knight. Anbefaler begge.

 Boka som forandra livet mitt …

Den løyndomsfulle hagen, av F. H. Burnett. I den nynorske omsetjinga eg las som barn, stod det veggbunadi staden for tapet. Det hindra meg ikkje i å lese vidare.

 Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …

Bøkene til Liv Marit Weberg, diggar humoren, tristessen, rytmen og språket. Har ikkje lest den siste, men reknar med at den er like kul. Kunne aldri ha skrive desse bøkene, like fullt: For ein stil!

 Boka eg gjerne gir i gåve …

Kanskje den av Ulf Stark? Eller Liv Marit Weberg? Eller ei av bøkene til Clarice Lispector som er omsette til norsk.

For å vera heilt ærleg, så blei eg veldig overraska då du kom med ei grøssarbok. Kva var det som gjorde at du tok spranget inn i denne mørke sjangeren?

Medan eg skreiv på ein vaksenroman, fekk eg ein idé som ikkje passa inn, det var eit bilete av to jenter som sat i eit tre og snakka saman, berre at den eine av dei var død … og plutseleg var historia der. Det var ei enorm glede å gripe tilbake til min gamle favorittsjanger. På barneskulen likte eg godt å underhalde klassa mi med sjølvdikta spøkelsesforteljingar. Som barn skreiv eg så valdelege stilar at mor mi var sterkt uroa. Eg fekk det for meg at det burde vere minst eitt drap i kvar stil, same kva tema var. Så då eg gav meg i kast med dette, fekk eg liksom tak i noko som var veldig viktig for meg som heilt ung, men som eg vart for seriøstil å sette pris på seinare. Eg har eigentleg alltid likt spøkelseshistorier og blir veldig skuffa viss alt har ei naturleg forklaring. Ugh. Som barn var eg nok litt opphengt i død og livet etter døden og ja, både lyse og mørke krefter.

 

På kva måtar har denne sjangeren utfordra deg i høve til dei tidligare realistiske bøkene dine?

Eg måtte sleppe taket i «det som går an» og «det der kan du ikkje skrive»-stemma. Det er veldig deilig å vere i spøkelsesland. Eg er glad i realistiske forteljingar, men samtidig … ein kan bli litt låst. Realismen kan også bli for snusfornuftig. Det er befriande å tenke slik: Kanskje ei heks er ei heks og ikkje ei berre ein misforstått person? Og kva er verkeleg? Kva kan eigentleg skje? Eg blir veldig inspirert (og litt svimmel) av å tenke på det store og merkelege universet. Kva er no dette vi kallar røynd. Kvantefysikarane snakkar om tid som ein serie med frosne augneblinkar!

 

Eg tenker på deg som ein forfattar som er ganske så kjenslevar og dyktig til å få fram mellommenneskelege relasjonar – var dette eigenskapar du kunne ta med deg også inn i denne sjangeren?

Takk, ja, relasjonane kjem eg ikkje utanom. Men vi erfarer røynda ofte så ulikt, eg synest heile verda er splitta i slike ulike erfaringar, noko som pregar relasjonane. Og det er einsamt å vere menneske om du erfarer noko som andre ikkje seier finst, slik det er for hovudpersonen i boka mi. Eg tenker nok at det er mykje realisme i boka, men at den er broten, at den har ein brest. Og det er det hovudpersonen erfarer. Så, er ho sprø eller er det faktisk slik ho ser? Ho ser jo døde!

Eg deltok på debutantseminar på Nordens Biskops Arnø, der Erling Kittelsen var lærar. Han sa at mange debutantar fekk råd om å dyrke/finne «si stemme», men, sa han, kanskje ein har fleire stemmer? Det har eg aldri gløymt. Det var eit godt råd.

 Var det gøy å skriva noko så annleis?

Gøy, men også krevjande. Det er også lettles-bok. Det var også viktig for meg å skrive grøss på min måte.

 Har du fått meirsmak på å skriva grøss og gru?

Ja!

 Kva er viktig for å få til ei skikkelig skummel historie?

Eg trur det avheng mykje av synsvinkel. Kor mykje får lesaren sjå om gangen. Det er jo gjerne det du ser litt av, men ikkje heilt, som gjer at fantasien blir stimulert. Ein høyrer noko, men kva er det ein høyrer? Kva er det som skjuler seg bak? Samt at ein forstår at forfattaren er villig til å ta den heilt ut.

 Det å lesa skumle og skremmande ting kan vera frydefullt. Det er kjekt å bli skremt og så er det trygt så lenge det berre er ei bok. Er det på same måte for deg som forfattar også?

Ja, eg skreiv slutten i eit gammalt hus seint om kvelden, eg var åleine. Då kjende eg eit verkeleg gys som både gjorde med skremd og glad. Ein kjenner at ein lever, når ein får eit gys. Det er ei glede å skape eit gys.

 Likar du å lesa bøker med grøss og gru sjølv?

Eg likar både bøker og filmar med grøssande element. Har akkurat begynt å sjå på Castle Rock. Likar godt forteljingar med innslag av spøkelse og overnaturlege element er Maria Gripes Agnes Cecilia. Denne siste boka er inspirert både av Gripe og filmen Den sjette sansen, du veit den replikken: «I see dead people.»

 Trur du at du kjem til å skriva fleire bøker i denne sjangeren?

Eg held på med ei no! Samtidig har eg fått meirsmak på å blande sjangrar, som moderne «eventyr» og grøss med psykologisk djupne.

 Kvifor?

Eg likar dette med å kunne gi rom for ulike måtar å erfare og sanse verda på. Samtidig at alt kan skje. Eg blir inspirert av forteljingar med sterke kontrastar, liv/død og lys/mørke, eg vaks opp med bibelforteljingar, eg trur kanskje det spelar bittelitt inn.

 

Eit siste kosespørsmål: Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Oj, eg må seie Hilde K. Kvalvaag. Eg las dei nydelege bøkene hennar,  ungdomsromanen Fengsla og vaksendebuten Skagerrak, før eg vart kjent med henne. Så vart vi venner gjennom intens e-post-skriving om litteratur og livet. Ho er klok og inspirerande og ein kresen forfattar. Det finst eit så sterkt fellesskap i skriving, somme tider får ein bli kjent med forfattaren, andre gonger ikkje.