Nokre av dei finaste historiane og bøkene eg veit om har handlinga lagt til jula. Juleevangeliet er i seg sjølv ei god historie som er både nervepirrande og dramatisk. Den første jula var ikkje berre kos. Kos og hygge er derimot sentralt i Alf Prøysen si klassiske juleforteljing om Snekker Andersen og Julenissen.

Av: Ingelin Røssland

Kvart år kjem det ut nye bøker med handlinga lagt til jula. Dei fleste bokseriar for barn er innom temaet jul ein eller annan gong. Tor Åge Bringsværd har skrive om Karsten og Petras jul, i år kom Lars Mæhle med boka Hvor er julenissen? i detektivserien sin om Leo og Live i Kråkeslottet barnehage, mens Ida Jackson lar Brillebjørn feira jul i år. Ingunn Aamots Pulverheks har sjølvsagt feira jul, det same har Bjørn F. Rørviks radarpar Reven og grisungen og Arne Svingens Hubert har vore nissetufs. I tillegg er det dei frittståande julebøkene som God dag, herr jul av Laura Djupvik, Nissens natt av Stein Erik Lunde og mange fleire.

Kva er det som gjer at så mange forfattarar skriv bøker som har handlinga lagt til jula? Er det dramaet, spaninga og forventningane som ei koselig høgtid som jul kan utløysa? Er det minna frå barndommen, eller er det kanskje denne mystiske, magiske kjensla vi ikkje heilt kan forklare … Du veit, den som brått kjem over deg ein morgon i desember, når det prikkar i magen og du plutseleg bryr deg om at det er snø utanfor vindauget? Når du plutseleg legg merke til kor mykje fine lys som heng i trea i hagen? Eller plutseleg blir ekstra rørt når barna ser på julekalender på tv?

NBUtipset.no byr på to forfattarintervju i desember 2018. Det eine intervjuet er med ein forfattar som har skrive om jula fleire gonger og på ulike måtar. Hennar forteljingar om blå- og raudnissar har gått inn blant juleklassikarane. Den andre forfattaren har skrive si første julebok, men dette er også ei bok som teiknar til å gå inn blant klassikarane.