Denne boka passer for alle som har fått småsøsken og blitt litt frustrert over alt det fører med seg.

Tittel: Korleis bli kvitt ei veslesøster

 Forfatter: Veronika Erstad

 Illustratør: Ella K. Okstad

 Forlag: Cappelen Damm, 2018

 Sidetall: 40

 Sjanger: Skjønnlitteratur

 

Kort om handlingen: 

Veslesøstera til Guri tar ikkje stor plass, men ho gjer mykje ut av seg. Guri vil at alt skal vere som før, då det berre var ho og mor.
Men ting forsvinn. Små ting forsvinn lettare enn store ting. Søstera til Guri er veldig lita …
Så Guri skriv ei liste, men ikkje heilt den lista mor trur.

Ei søt og morosam historie om å bli storesøster – når det du eigentleg ynskjer deg, er ei storesøster.

 

 Tekstutdrag:

Skriv ei liste, seier mamma når eg ikkje
kjem på ein einaste fin ting ved
veslesøstera mi. Lister er løysinga på alt
her i huset. Mamma smiler lurt.

Eg skriv ei omvendt liste,
men det veit ikkje mamma.

Ting forsvinn.
Små ting forsvinn lettare enn store ting.
Søstera mi er veldig lita.
Eg har ein fordel der.

Tre subjektive superlativ: Morsom, underfundig, gjenkjennelig!

 Veronika Erstad, (1979) er frå Rosendal. Ho har gått forfatterstudiet i Bø og i Tromsø. Veronika debuterte i 2015 med diktsamlinga Eg er så nær morgonen eg kan kome (Samlaget). Same år ga ho ut barneboka Kattejenta saman med illustratør Bo Gaustad.

Ella K Okstad, f. 1973, har eksamen frå Kent institute of Art & Design i England. Ho har illustrert mange barnebøker og vunne fleire prisar for illustrasjonane sine. Ho debuterte som forfattar i 2003.

Lenke til boka på forlagets hjemmeside: Cappelen Damm