No skjer det! NBU og dei andre foreiningane flyttar frå dei gamle lokala sine  i Rådhusgata 7, etter mange fine år. Det er både spanande og vemodig. Den offisielle flyttedatoen er i dag, 10. desember, men det vil nok ta lenger tid å koma seg ordentlig på plass. I nokre dagar blir kanskje NBU litt vanskeligare å få tak i, men fortvil ikkje – vi er her!

Vi gjorde stor stas på Rådhusgata 7 på medlemsmøtet i oktober. Då heldt til og med Magnhild Bruheim ein egen, flott «gravølstale». Denne talen vil vi gjerne dela med dykk i dag:

 

Magnhild Bruheim, foto: Gudmund Moren.

 

Farvel til Rådhusgata 7,

Frå alle oss i NBU. 

Det var avskjedsdiktet.

Så til gravølstalen:

 

 

Det er med tungt hjarte vi i kveld tar farvel med denne staden som har betydd så mykje for oss. Ja, for det er faktisk vemodig og trist, og heilt uverkeleg, kjenner eg her eg står. For det første så liker eg for min del ikkje så godt forandringar. Det er vel eit kjenneteikn på å vera høgsensitiv. For det andre finst neppe ein bygård i Oslo som passar betre til å vera eit forfattarhus. 

Bygningane er litt slitne og lurvete. For meg er Rådhusgata 7 ei søttitalsgreie, i den meining at det gjev meg assosiasjonar til søttitalet, til kollektiv i gamle, trekkfulle hus, politisk aktivitet, allsong og gitarklimpring. Og raudvin. Og noko av dette kan ein kjenne på her vi sit. Husa er litt trekkfulle. Og er det ikkje raudvin det luktar av glasa? Lyttar vi godt, er det ikkje gjenklang av Atle Hansen vi høyrer frå veggane, med gitaren og si litt hese stemme? Og er det ikkje nokre NBU-damer som innstendig spør om han ikkje kan spela ein song alle kan, for vi har også lyst til å syngje. Slik er det når nokre nynorskingar sit att til slutt på medlemsmøta og vil dyrke allsongtradisjonen. For det er alltid nokre som blir sitjande att, slike som ikkje forstår at Ellen vil koma seg heim.  

For meg personleg har Rådhusgata 7 ei lengre historie enn forholdet mitt til NBU. Det første sterke minnet mitt frå huset er at eg står nede i første etasje, nokså berusa, vil eg tru, der NRK-bandet Daily Drifters spelar til dans, og der eg plutseleg blir omringa av uniformerte menn som stormar inn i lokalet.  Da eg kjem til sans og samling, forstår eg at det er brannmenn, og at eit eller anna i etasjen over har utløyst brannalarmen. Det er ein 40-årsfest, og eg er i komiteen og veldig ansvarleg. Eg er også ansvarleg for å låse når alle har gått, og har fått veldig omstendelege instruksar frå Norsk Forfattersentrum om først ein nøkkel og så den andre og vri rundt, og eg prøver etter beste evne å gjera det riktig, men så blir det visst feil, porten går ikkje opp, og sekunda etterpå er vaktselskapet der. Ufatteleg rask utrykning. 

Dette med låsing har vore problem for fleire. Nokre NBU-arar måtte overnatte her etter ein fest fordi dei vart låst inne. Men det var sikkert heilt ok, så lenge det var att vin på flaskene. Og det er fleire som har møtt store utfordringar på festar her. På ein fest hos våre venner Dramatikarane vart pianoet bore ned, for dei kom på at dei ville bruke det nede. Utruleg nok gjekk det bra. Men dei måtte leige eit flyttebyrå til å få det opp att.

Sjølv om Rådhusgata 7 gjev assosiasjonar til søttitalet, så er det faktisk eit 1600-talshus, i tidleg tid byens mest kostbare privatbustad. Historia er mangfaldig, eg skal ikkje halde noko historisk foredrag, men historia og huset inneheld alle ingrediensane ein treng for å få skriveinspirasjon og stoff. 

Historiske romanar sjølvsagt, frå tida da det hysa embetsfolk med kongeleg besøk, da det var rådhus, som også vart brukt til kunstutstillingar, festar og anna, som i dag. altså. Der gjøglarar og artistar av ymse slag fekk vise kunstane sine i salen mot betaling. Det blir fortalt at da gjestane kom for å sjå, måtte dei gå forbi bleike og skjeggete ansikt som glodde på dei frå fangehola.  

For her er det masse stoff til krimbøker, frå den tida det var fengsel, historia med fangehol i kjellaren, der fangar kunne drukne i den klamme og kalde kjellaren, når det var oversvømmelse ved flo sjø (den gongen gjekk huset ned til sjøen).

Og kjellaren er veldig skummel den dag i dag, Bjørneleiaren tok ein gong med seg styret ned, eg trur det var for å skremme oss frå å vera opposisjonelle. Vise oss at her fanst det eit fangehol for dei ulydige.  

Spøkelsesromanar – for sjølvsagt spøkjer det her, det har mange opplevd, eit døme er frå Håkon Eikanger, som jobba i Norsk Forfattersentrum. Han drog hit for å jobbe ein påskedag, og det burde han ikkje gjort. For mens han sat på kontoret og jobba, høyrde han dunkelydar i bygningen, det høyrdest ut som noko hardt mot mur. Han sjekka, men det var ingen andre i huset, i alle fall ikkje levande!

Lydstyrken endra seg, det var ikkje lett å avgjera kvar den kom frå, eitt av kontora, eller loftet? Men alt var mørklagt, det var påskestille i heile kvadraturen. Han sjekka nabogarden også, men ingen lyd utanfrå. Han gjekk på kontoret att, og nå var lyden borte, men ikkje før fekk han sett seg på kontorstolen – så begynte taktfaste dunk på nytt, dunking i mur, det høyrdest ut som lyden flytta seg rundt i bygningen. Enda ein gong sjekka han, utan å finne noko. 

Da dunkinga begynte på nytt tredje gongen, pakka han saman. 

Det fanst vitne til hendinga, for han snakka i telefonen, og personen i andre enden høyrde også dunkelydane.

Hysj … høyrer vi noko?

Når alkoholen flyt her oppe, så kan vi tenkje på alle dei hundrevis av flaskene med alkoholhaldig drikke som fanst i kjellaren da dette berre var bistasjon for politiet med avdeling som beslagla alkohol. Viss nokon av dei flaskene stod att dei forfattarane toga inn her, så vart dei raskt borte. 

Det med søttitalet er ikkje så dum assosiasjon, for det var nettopp da, nærmare bestemt i 1975, at dei skjønnlitterære skribentane kom inn her. Og det som hadde vore embetsmannbustad, rådhus, politistasjon, fengsel – vart til Forfatternes hus. Kva blir det nå? Kven skal spøkje i gangane som eit minne etter oss? 

Bjørn Ingvaldsen som trampar rundt og sver på at han nok skal klare å få has på Smith-Simonsen og andre vrange redaktørar? Eller ei dame som snik seg stille rundt? Det er i så fall Ellen som går og leiter etter sjokolade. 

Som sagt, flyttinga er trist, vemodig og dramatisk. Vi kan ikkje sjå bort frå at enkelte medlemmer blir så provoserte at dei melder seg ut av NBU – og heller inn i KrF – det er visst trendy for tida.

Og korleis blir den nye heimen vår? Frå Forfatternes Hus til Ingeniørenes hus? Ingeniørenes hus, kva er det? Kven vil la seg inspirere til å skrive romanar og spøkelseshistorier om ingeniørar?

Ingeniørenes hus. Foto: Wikipedia.no

Nå skal det seiast at Ingeniørenes hus er ein av dei verkeleg flotte funkisbygga i byen, reist i 1931, teikna av kjente funkisarkitektar. Og kanskje ligg det også der spennande historier i veggane. 

Men nå er det Rådhusgata 7 det handlar om, det er gravøl. Og eg trur at når NBU blir hundre år eller meir og skal sjå tilbake på sitt lange liv, trur eg NBU vil seia: Det var i Rådhusgata eg hadde mine beste år!

Da tar eg diktet på nytt med ein liten vri:

Ha takk da Rådhusgata 7,

Frå alle oss i NBU.