Det dukkar stadig opp nye litteraturprisar. Siste skot på stamma, Aschehougs barnebokpris, skal vere ei anerkjenning av ein lovande og kvalifisert forfattarskap, seier forlaget.

Den fyrste vinnaren av Aschehougs barnebokpris var Marianne Kaurin. Gratulerer! (Foto: Aschehoug)

 Av: A. Audhild Solberg

Det er lett å klappe for initiativet. Prisar kan gi merksemd i media, meir sal i bokhandel og er ikkje minst ei glede å få. Dei aller fleste litteraturprisane i Noreg er dessutan for enkeltbøker. Det er flott at Aschehoug opprettar ein eigen pris for gode barne-/ungdomsbokforfattarskap.

Eller er det det?

Få som når opp
Bokprisane har gjerne tette skott mellom kategoriane. Ein roman for vaksne kan ikkje vinne Uprisen, ein krim for barn kan ikkje vinne Rivertonprisen. Forfattarskapsprisane, derimot, kan i teorien gå til alle forfattarar, uavhengig av kven dei skriv for.

I praksis? Ser ein bort frå heidersprisane, teiknar det seg eit heller grimt bilde. Gyldendalprisen har aldri gått til ein barne-/ungdomsbokforfattar. På vinnarlistene til Aschehougprisen, Doblougprisen og Gyldendals legat, forløparen til Gyldendalprisen, finn ein m.a. Inger Hagerup, Tor Åge Bringsværd, Ragnar Hovland, Erlend Loe og Gro Dahle. Alle er minst like kjende for bøkene sine for vaksne.

Dei fleste vinnarane av Samlagsprisen har skrive bøker for barn og unge. Men også dei er mest kjende som vaksenbokforfattarar, kanskje med unntak av Helga Gunerius Eriksen, Per Olav Kaldestad og Marit O. Kaldhol. Samlagsprisen skil seg for øvrig frå andre forfattarskapsprisar ved at den berre går til samlagsforfattarar.

Berre tre av mottakarane av dei største forfattarskapsprisane i landet er å rekne som barne-/ungdomsbokforfattarar, så vidt eg kan sjå: Tormod Haugen, Tor Fretheim og Bjørn Sortland. Haugen fekk Gyldendals legat, Sortland har fått Aschehougprisen. Tor Fretheim fekk begge.

Tor Fretheim fekk Gyldendals legat i 1992 og Aschehougprisen i 1996. (Foto: Tord-Erik Andresen)

I ei ideell verd

Er det derfor Aschehoug har oppretta ein eigen pris for barne-/ungdomsbokforfattarar? Fordi sjansen vår for å motta Aschehougprisen er så liten?

— Viss det var rettferd i verda, ville det ofte vore same vinnar av begge prisane, seier Sverre Henmo, forlagssjef i Aschehoug Barn og ungdom. — Aschehougprisen burde langt oftare gå til barne-/ungdomsbokforfattarar.

 Her kunne ein ha innvendt at Aschehoug må gå i seg sjølv. Juryen for Aschehougprisen sit imidlertid ikkje på Sehesteds plass. Det er arbeidsutvalet i Seksjon for litteratur i Kritikarlaget som innstiller vinnaren.

Eksempel til etterfølging?

Det er kanskje ikkje så dumt, da, med ein eigen pris for barne-/ungdomsbokforfattarskap. Det verkar unekteleg vanskeleg å danke ut vaksenbokforfattarane når vi konkurrerer mot kvarandre.

— Vi er einige i at barne-/ungdomsbokforfattarane fortener merksemd, og er svært positive om nokon finn på å opprette eigne prisar, seier Eva Thesen, redaksjonssjef i Gyldendal Barn og ungdom. Gyldendal har per i dag ingen planar om å gjere det.

— Norsk barne- og ungdomslitteratur held eit svært høgt nivå og er uhyre viktig for litteraturen vår og for skapinga av nye lesarar. Eg meiner det ville ha vore flott med ein slik pris. Men da måtte vi ha tenkt langsiktig, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

Ragnfrid Trohaug, forlagssjef i Cappelen Damms barne- og ungdomsredaksjon, synest Aschehougs barnebokpris er eit prisverdig tiltak. Men: — Reint prinsipielt meiner eg det ikkje burde vere naudsynt med ein eigen pris; det er synd at dei store forlagsprisane som Sultprisen og Aschehougprisen ikkje naturleg har barnelitterære mottakarar. Den norske barnelitteraturen på sitt beste høyrer naturleg heime her i desse store, etablerte prisane.

Hjartesukk

Det er lett å klappe for Trohaugs innvending også. Men i eit litterært økosystem der barne-/ungdomsbokforfattarar framleis flyg under radaren til juryane som prisar forfattarskap, kan ein ikkje anna enn å helse Aschehougs barnebokpris velkommen.

Men … vent nå litt!

Ikkje lenge før denne saka gjekk på nett, kom nyheita om at Maria Parr har vunne Sultprisen, Gyldendals pris til «ein eminent yngre forfattarskap», som fyrste barne- og ungdomsbokforfattar nokonsinne.

Sjå det. Det er altså rettferd i verda.

Endeleg! Årets Sultpris går til Maria Parr. (Foto: Det Norske Samlaget)