Ingelin Røssland (Foto: Joar E.M. Klette)

Kjærleik. Dei tinga vi gjer for å oppnå kjærleik, for å halda på kjærleiken og for å komma oss etter eit knust hjarta er ikkje berre sterke drivkrafter i livet vårt, men også i litteraturen. Eg kan med handa på hjarta seia at kjærleik er ALT i det eg skriv. Denne månaden skal de få møte tre forfattarar som er ekspertar på å skriva om kjærleik. Både den berusande kjærleiken og den vonde og triste.

 Av: Ingelin Røssland

 Evi Bøgenæs var ei stor heltinne frå eg var 11 år til eg var rundt 14. Då hadde eg lese alt av henne fleire gonger og eg gjekk over til Margit Sandemo og Anne Karin Elstad, Sigrid Undset, Herbjørg Wassmo, Torbjørg Nedreaas og alle dei andre kvinnene som skreiv og så rått og godt om dette temaet. Eg les framleis gjerne om kjærleik, og eg elskar å snakka med andre forfattarar som også skriv og les om kjærleiken. Derfor er det med ekstra glede eg introduserer månadens tema på NBUtipset: Kjærleik.

Februar er siste månad det kjem nytt stoff på NBUtipset. Ambisjonen og ja, kjærleiken, til norske barne- og ungdomsbøker var større enn realismen. For realismen i dette prosjektet som NBUtipset.no er, er at det er få som brukar desse sidene og NBU har ikkje nok økonomiske musklar til å marknadsføra sidene vidt og breitt. Så no blir vi nøydd til å takka for oss. Takk til alle dykk som har brukt sidene og takk til alle som har sagt ja til å få nyheitsbrev.

Men først så skal me kosa oss med forfattarintervju. Forfattarintervjua med tema kjem til å halda fram på www.nbuforfattere.no, så frå mars/april vil de finna stoffet der.

Illustrasjonsfoto: Ingelin Røssland