NBUtipset.no har fokus på kjærleik no når sola og våren er på veg. Det blir intervju med tre forfattarar som alle elskar å skrive om kjærleik. Tredje forfattar som blir intervjua er Bjørn Sortland. Dette intervjuet med Sortland er det siste intervjuet som vil bli lagt ut på desse sidene. Så vi takkar heilt enkelt for oss.

Foto: Aapo Huhta.

Namn: Bjørn Sortland

Født: 1. mai 1968

Alder for forfattardebut: 23

Årets bok/bøker: Kepler62: Øya

 

Fem kjappe:

 Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …
Ei mor til ein ung gut kom bort til meg, men blei ståande flau og usikker framfor meg, utan å seia noko. Så begynte ho å grina. Til slutt mumla ho at guten hennar hadde dysleksi, men hadde begynt å lesa på grunn av Kunstdetektivene. Og no fiksa han det. Så gjekk ho berre. Det var klumpen i halsen.

Akkurat no les eg …
Biografien om krigskorrespondent Marie Colvin, som var drepen i Syria i 2012.

Boka som endra livet mitt …
Usikker. Fem på vandring av Enid Blyton.

Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …
Eg veit ikkje. Men eg veit kva tittel eg gjerne skulle ha funne på Alle dei fine jentene av Rune Belsvik.

Boka eg gjerne gir i gåve …
Nett no: En frivillig død av Steffen Kverneland.

 

 Du har ein lang og variert forfattarskap og du har skrive bøker med både hjarte og elska i tittelen, kva er det som gjer at du er så fasinert av å skriva om kjærleik og forelsking?

Det er no berre slik. Eg skriv om det vi er mest redd for, og djupt inne er vi alle redde for å ikkje bli elska av nokon. Sånn på ramme alvor. Sånn på ramme, ramme alvor.

 Er det meir jobb å skriva ektefølte bøker om kjærleik enn til dømes ei bok om zombiar i serien Zara, og dei eller den superpopulære serien om kunstdetektivene?

 Nei, eigentleg ikkje. Å skriva seriebøker er meir krevjande, reint skriveteknisk, om eg kan bruka eit slikt ord. Men det er alltid vanskeleg å skriva.

 Kva er det som gjer at du gang på gang skriv bøker der kjærleiken står sentralt?

 Kjærleik i alle sine former og utgåver er det viktigaste i livet. Slik har dei fleste det. Kjærleik er også langt meir enn ung forelsking, berre så det er sagt.

 Les du kjærleiksbøker sjølv?

 Ja. Nesten alle bøker handlar om kjærleik, eller fråvær av kjærleik.

 Kva er den mest forelska boka du har lese?

Høgsongen i Bibelen.

 Kva må til for å skriva skikkelig godt om kjærleik?

 Eg er ikkje sikker. Du må kanskje henta fram den redde, fomlande femtenåringen i deg sjølv.

Så et siste kosespørsmål:

Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?
Rune Belsvik. Då eg høyrde Ingen drittunge lenger på radioen, så traff den meg så.