30. mars var det klart for årsmøte i NBU, og som vanlig var det godt oppmøte og bra stemning. I år var det ikkje store kontroversielle tema det skulle røystast over, og møtet hadde fokus på situasjonen til barne- og ungdomslitteraturen, moglegheiter for framtida og diskusjon kring grunnstipendordninga.

Av: Ingelin Røssland

Godt oppmøte av interesserte medlemmar på årsmøtet. (Foto: Svein Nyhus)

NBUs leier Taran Bjørnstad starta årsmøtet med å orientera om korleis det står til med norsk barne- og ungdomslitteratur, både i Noreg og utanlands. Boksalet i 2018 gjekk ned, og barn og ungdom las mindre. Kvar er vi på veg? Nye forfattarforeiningar, nye digitale plattformer – mykje er i endring. Samtidig gjer norsk barne- og ungdomslitteratur det bra, både på utlånsfronten i Noreg, og som omsett litteratur til andre språk. Dette vart også gjort greie for i NBUs årsmelding.

Konstruktiv debatt om framtida til grunnstipendet

Det vekte kjensler då styret orienterte om at dei vil sjå på fordelinga av bibliotekvederlaget. Denne fordelinga blei sist endra på årsmøtet i 2017, då årsmøtet vedtok å fordela midlane 50/50 mellom varierte stipend og grunnstipend.

Camilla Otterlei var ein av medlemmane som engasjerte seg i debatten kring grunnstipend. Foto: Linn T. Sunne

 

Styret ville gjerne ha innspel frå medlemmane om korleis ein skal tenka kring denne fordelinga i framtida. Det blei argumentert både for å bevara ordninga som den er i dag, og for å ta bort grunnstipendet sånn at alle midlar går til varierte stipend. Camilla Otterlei tok ordet og meinte at solidaritet er viktig, men at det må gå begge vegar. «Kva er solidaritet? Vi skal anerkjenna dei som har ein lang produksjon bak seg, men vi må også leggje til rette for dei yngre som jobbar for å etablera seg som forfattarar i dag.» sa ho.

Kari W Sverdrup foreslo at det skulle bli sett ned eit utval som skal jobba vidare med spørsmåla kring fordelinga av biblioteksvederlaget. Forslaget blei vedteke av årsmøtet.

NBU overtar Teskjekjerringprisen

For framtida vil det vera NBU som står for tildelinga av Teskjekjerringprisen, og for å markera dette heldt NBU-medlem Vigdis Hjorth eit fargerikt, humoristisk og varmt foredrag om Alf Prøysen.

Vigdis Hjort lyste opp heile årsmøtet med sitt nærvær og entusiastiske foredrag om Alf Prøysen. Foto: Jan Tore Nordeng

Nytt av året var også «Årsmeldingsquizen» på Kahoot. Her var det om å gjera å ha lese årsmeldinga nøye. Dei tre som hadde best oversikt vann.

Den formelle delen av årsmøtet blei avslutta på ein uformell måte med øl og quiz. (Foto: Svein Nyhus)

 

Flinkast i klassen: Magnhild Bruheim, Jill Moursund og Bjørn F. Rørvik var dei tre NBU-medlemmane som visste mest i Årsmeldingsquizen. (Foto: Linn T. Sunne)

Middag med prisar og talar

På kvelden var det middag med både talar og prisutdeling. Trollkrittet, NBU sin eigen debutantpris, gjekk til Michael Stilson for boka Bare spille ball.  Prisen blei delt ut av avtroppande leiar i det litterære råd, Camilla Kuhn. Prisvinnaren fekk også godord frå eige forlag ved forlagssjef for barne- og ungdomsbokavdelinga i Cappelen Damm, Ragnfrid Trohaug.

Under middagen blei Camilla Kuhn og Bjørn F. Rørvik takka av etter arbeidet i det litterære råd. Camilla Kuhn har hatt vervet i 5 år og Bjørn F. Rørvik i 6 år. Tradisjonen tru for dei som har sitte heile perioden på 6 år, fekk Bjørn eit portrett av seg sjølv, laga av Ragnar Aalbu. Nye medlemmar i rådet er Arnfinn Kolerud og Lene Ask. Rådet delte også ut bokverdas gøyaste prisar, nemlig middagsprisane. Her hadde rådet funne nye, uventa og sjokkerande tema i tilsynelatande uskuldige boktitlar.

A. Audhild Solberg guida festlyden gjennom ein årsmøtemiddag med talar og prisutdelingar. (Foto: Svein Nyhus)

Seminar om digitale moglegheiter

Søndag 31. april var det klart for seminar og temaet var digitale moglegheiter. Innleiinga var ved Mari Moen Holsve og det var foredrag med Torgeir Waterhouse. Han tok opp problemstillingar kring kva er ei bok viss den ikkje er på papir. Er papirtingen viktigare enn sjølve historia? Korleis vil historieforteljing gå føre seg i framtida.

Ellen Lyse Einarsen heldt foredrag om interaktiv historieforteljing, og viste oss kva som er likt og ulikt mellom spel og film. Andre kjensler er i aksjon når ein er med og skapar historia gjennom spel kontra å lesa ei bok eller sjå ein film.

Tinka Town frå Ravn Studio hadde kalla sitt foredrag «Treff målgruppen gjennom dataspill» og viste korleis kjente og kjære karakterar frå barnelitteraturen har tatt steget inn i spelverda. Ho stilte spørsmålet til salen om det var nokon som kunne tenka seg å skriva for spel, det kom fleire labbar i veret. NBU og Ravn Studio ynskjer å få til eit seminar/workshop for medlemmane i NBU med dette som tema.

Praten gjekk friskt også i pausane. (Foto: Svein Nyhus)