Randi Fuglehaug (Forfattar-selfie)

Namn: Randi Fuglehaug

Født: 21.08.80 på Voss

Debutbok: Papelina, (Samlaget, 2017)

Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

Bøker var ein plass å drøyme seg vekk og ein arena for å utforske nye følelsar – gjerne samtidig. Eg gløymer aldri då eg som hormonell tween las Bare en ferieforelskelse, den første boka eg fekk i TL-klubben. Stor litteratur var det nok ikkje, men den prikkande forventninga av å snart skulle få oppleve noko så magisk sjølv, kan eg framleis kjenne i magen.

Kvifor ville du bli forfattar?

Eg har lenge drøymt om å skrive fiksjon, men i mange år fann eg meir enn nok glede og utfordring i å jobbe som journalist – som også var det eg ville bli då eg var liten. Så skreiv eg nokre sakprosabøker, og då eg var heime i barselperm nummer to, bestemte eg meg for at eg hadde skrive andre sine historier lenge nok. Eg hadde lyst til å finne på karakterar sjølv – og prøve å skrive deira historier.

Kvifor skriv du for barn og/eller ungdom?

At eg begynte å skrive barnebøker, var eigentleg litt tilfeldig. At eg held fram, er ikkje det. Eg synest det er utruleg kjekt og utfordrande, og eg har stor glede av å møte unge lesarar på festivalar og arrangement rundt omkring i landet. Ja, eg får rett og slett trua på menneskeheita av desse smarte, entusiastiske små! Og så er eg glad i å skrive kort.

Har du ein raud tråd eller fellesnemnar gjennom forfattarskapen din?

Den er framleis såpass fersk at det er vanskeleg å konkludere med noko, men i dei to bildebøkene eg har skrive så langt, ligg det eit alvorleg og litt vanskeleg tema under ei elles lett og tilgjengeleg historie. Det same håpar eg å få til med barneromanen eg jobbar med.

Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

Målet mitt er å skrive barnebøker med fleire lag – som kan motivere til samtale mellom vaksne og barn, men som også kan lesast som rein underhaldning. Samtidig har eg veldig lyst til å skrive ein skikkelig klissete kjærleiksroman, ei slags romantisk komedie i bokform. Den treng ikkje ha fleire lag, berre gi tolv år gamle jenter og gutar den same kriblande følelsen eg fekk.

Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

Klemme på barna mine. Når dei har lagt seg, likar eg å legge meg på sofaen og konsumere ting andre har skrive, helst i form av tv-seriar eller bøker, mens eg klemmer på mannen min. Og så har eg eit (etter kvart litt gammalt) nyttårsforsett om å begynne å synge i kor.

Kva forventningar har du til NBU?

Først og fremst å få masse inspirasjon av alle dei dyktige folka som er med her, men også å følge med på kva som skjer på barnelitteraturfeltet og gjerne, etter kvart når eg har blitt meir erfaren og kunnskapsrik, få lov til å synse litt om det.