Utgir du di fyrste skjønnlitterære bok for barn og unge i år? Da er du hjarteleg velkommen til NBUs debutanttreff onsdag 25. september kl. 18.00 – 21.00.

Taran Bjørnstad, leiar i NBU. (Foto: Stine Friis Hals)

Taran Bjørnstad, leiar i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU), informerer om foreininga, det litterære rådet og det å søke stipend.

Ragnar Aalbu, forfattar, illustratør og tidlegare styremedlem i NBU. (Foto: Hæge Håtveit)

Ragnar Aalbu, forfattar og illustratør, fortel om barnebokdebuten og det å vere forfattar.

Etterpå blir det ost og vin, kaffi og kake!

Debutanttreffet finn stad i NBUs lokale i Kronprinsens gate 17 i Oslo (sjå kart her).

Velkommen!

Er du debutant og har ikkje fått invitasjon på e-post? Ta kontakt med NBUs sekretariat: sekretariat@nbuforfattere.no.

NBU  har dessverre ikkje høve til å dekke eventuelle utgifter til reise og opphald.

(Bildet på forsida er av debutantane på treffet i fjor, f.v.: Hanne Fossaa Eriksen, Monia Nilsen, Pia Tveterås, Kristin Bortolotti og Irene Ahnéll. Foto: Mette S. Tønseth)