Av A. Audhild Solberg, styremedlem i NBU

Viss du må velje, vil du skrive bøker som floppar totalt i di levetid, men gir deg eit legendarisk ettermæle – eller bøker som gjer deg til ei internasjonal superstjerne, men blir vurderte som elendige etter din død.

Dette var berre eitt av dilemmaa som stod på menyen da styret og det litterære rådet i NBU nyleg var samla på Gran på Hadeland. Nokre hundre meter frå Granavollen, der dei fire regjeringspartia gjorde eit forsøk på å bli einige i januar, sat vi og gjorde det eine brutale valet etter det andre.

Som hos politikarane enda det i tårer.

Diskusjon og tillit
Men fyrst litt om grunnen til at vi var samla. I NBU har det lenge vore ein tradisjon at styret og rådet drar på felles seminar i august. I fjor var vi i eit seinsommarheitt Berlin, i år gjekk turen altså til landlege Gran.

Styret (S) og rådet (R) poserer for fotografen, uvitande om kor fargekoordinerte dei faktisk er. Bak f.v.: Mari Moen Holsve (S), Arnfinn Kolerud (R), Alexander Løken (S), Bjørn Ousland (S), Charlotte Glaser Munch (R), Linn T. Sunne (S), Sigbjørn Mostue (R), Audhild Solberg (S), Harald Nortun (R), Ingunn Røyset (R). Sittande: Jan Tore Nordeng (S), Taran Bjørnstad (S, leiar), Lene Ask (R). Foto: NBU

I tillegg til å ha ordinære styre- og rådsmøte kvar for oss arbeidde vi med strategien for 2020–22 og diskuterte utfordringar i bokbransjen. Styret evaluerte også seg sjølv, noko som ikkje er berre enkelt. Heldigvis viste styreevalueringane våre at vi fungerer godt saman og har tillit til kvarandre.

På ballen
Det litterære rådet fekk to nye medlemmer etter årsmøtet i år – Lene Ask og Arnfinn Kolerud – og begge viste seg som utmerka tilskot på seminaret. Styret og rådet er i det heile tatt ein gjeng som utfyller kvarandre både fagleg og sosialt.

Politisk er vi også på ballen, og da snakkar eg ikkje berre om det gode arbeidet leiar Taran Bjørnstad og nestleiar Mari Moen Holsve gjer overfor styresmaktene. Styret kan også skilte med ei stigande stjerne i Ap, ordførarkandidat i Nordre Land, Linn T. Sunne. Ho fekk for øvrig ein snarvisitt av Hadia Tajik under seminaret.

Kva med dilemmaet?
Viss du lurer på kva styret og rådet valde – boksuksess i levetida eller posthumt – kan eg avsløre at forsamlinga var splitta. (For ordens skuld: Dette var ein uhøgtideleg selskapsleik under middagen, ikkje noko vi brukte seminartida til.)

Splitta var vi også da følgande dilemma blei presentert: Viss du må velje, vil du alltid ha gregoriansk musikk i bakgrunnen og grine når du les høgt frå bøkene dine på skulebesøk – eller alltid fire deg ned på scena (eller kateteret) til tonane av «Simply The Best» av Tina Turner.

Tårene tilhøyrde forresten sekretariatets eigen Ellen Liland.

Ho gret av latter.

Visste du at Aasmund Olavsson Vinje er gravlagd på Gran? Nynorskfraksjonen i styret og rådet besøkte sjølvsagt grava. Foto: NBU