Av A. Audhild Solberg

Sist veke gjekk verdas største nynorske barne- og ungdomsbokfestival av stabelen på Stord. I år kunne festivalen by på alt frå improteater til skumringsdans. Og bingo, så klart.

Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er rik og allsidig. Men det er fortsatt slik at mange barn og unge ikkje kjenner til den, ikkje eingong i det nynorske kjerneområdet i vest.

Elevar frå Stord kulturskule dansar ved Kolerakyrkjegarden i Hystadmarkjo.

Det er her Falturiltu kjem inn. I heile åtte dagar får barn og unge i Sunnhordland møte nynorskskrivande forfattarar og illustratørar – i klasserommet, på biblioteket og på kulturhuset. Eller, som i år, i stallen, på fotballbanen og andre uvanlege scener.

Sjølv var eg på ein kolerakyrkjegard og las høgt frå den eine boka mi på nynorsk. Kvelden før høyrde eg Tor Arve Røssland lese frå Svarte-Mathilda inst i ei iskald gruve.

Det er så ein blir misunneleg på alle ungane som får ta del i denne nynorske litteraturfesten kvart år!

Også for vaksne
Ikkje for det, også vaksne får litterært påfyll under Falturiltu. Eit av høgdepunkta i år var møtet mellom forfattar Rune Belsvik, sjølv frå Stord, og skodespelar Helge Jordal. Dei var inviterte for å snakke om Belsviks debutbok Ingen drittunge lenger, som Jordal las inn for NRK Radio for nøyaktig førti år sidan.

Jordal kunne fortelje at han hadde jobba grundig med dialekten til hovudpersonen i boka – så grundig, faktisk, at han jamleg ringde opplysninga på Stord for å høyre korleis folk der snakka.

Rune Belsvik og Helge Jordal i samtale med Hege Myklebust frå festivalkomiteen.

Marit O. Kaldhol fortel om forfattarskapen sin, særleg ungdomsbøkene.

Alvor og humor på seminar
Den mest aktive forfattaren på festivalen var Marit O. Kaldhol. Ho var årets festivalforfattar, og fleire av framsyningane under festivalen var inspirerte av bøkene hennar.

Kaldhol heldt også eit kåseri under Falturiltu-seminaret, der ho m.a. samanlikna skriving med arkeologi, det å grave etter noko vesentleg. For, som ho sa, ho skriv ikkje for å underhalde. Unge ber på eit alvor i livet. Det er hennar jobb å møte det alvoret og ta det på alvor.

Alvoret stod også sentralt da Bjarte Bakken (prosjektleiar i Foreningen !Les), underteikna (forfattar) og Brynjulf Jung Tjønn (forfattar og forlagsredaktør i Samlaget) diskuterte om ungdomsbøker er blitt meir brutale dei siste åra.

Denne gjengen snakka derimot ein del om humor i ungdomsbøker, eller snarare mangelen på den. F.v. Eivor Vindenes (forfattar og rådgivar i Leser søker bok), Elen Betanzo (forfattar og forlagsredaktør i Samlaget), Terje Torkildsen (forfattar) og Guri Fjeldberg (kritikar i Bergens Tidende og Periskop).

Ingelin Røssland og Rune Belsvik lanserte sine nyaste barnebøker under festivalen. Dei møttest på scena til ei varm samtale om skriving og oppvekst.

Leirskulestemning
Når fleire forfattarar er samla på ein liten festival, utviklar det seg gjerne ei slags leirskulestemning. Ein bur på det same hotellet, et middag saman, går på dei same arrangementa, har den same interne ferjehumoren –

Eller, vent nå litt!

At dei fleste forfattarane på ein nynorskfestival er vestfrå, er sjølvsagt å vente. Vestlendingane rular på nynorsktoppen. Og dei er greie folk. Lette å like. Men dei ferjereferansane … Der må ein telemarking melde pass. Heldigvis kjende både eg og dei tre andre inn- og austlendingane oss velkomne likevel.

Bingoen?
Den blei arrangert på kafeen Sykkel & Kaffi i Leirvik. Den nynorske nettavisa Framtida klinka rett og slett til med ein barnebokbingo. I staden for tal var det eit utval nynorske bøker og forfattarfjes som pryda spelebretta.

Eg hugsar ikkje kven som ropte «Bingo!» fyrst. Men det var nok ein vestlending.

Takk for i år, Falturiltu!

NBU var godt representert på Falturiltu i år. Her besøker NBU-leiar Taran Bjørnstad og administrasjonsleiar Ellen Liland studioet til forfattar og illustratør Anna Folkestad i gågata i Leirvik. Alle foto: NBU