Brageprisen er ein av dei få litteraturprisane der vinnarane ikkje har fått beskjed på førehand. Spenninga var m.a.o. til å ta og føle på da grunngivingane blei lesne opp i Dansens Hus i Oslo i går.

Første vinnar ut var ein overraska Nina Lykke, som vann i kategorien skjønnlitteratur med romanen «Full spredning» (Oktober forlag). I kategorien sakprosa var det Torgrim Eggen som stakk av med seieren, med biografien om Axel Jensen, «Axel. Fra smokken til Ovnen» (Cappelen Damm).

Open klasse var i år bildebøker for barn og vaksne, og her var det ein rørt Martin Ernstsen som vann med sin teikneserieadaptasjon av Knut Hamsuns «Sult» (Minuskel forlag). Siste vinnar ut var ein debutant – også ho svært rørt og glad. Ane Barmen vann kategorien barne- og ungdomslitteratur med ungdomsboka «Draumar betyr ingenting» (Gyldendal).

NBU gratulerer alle vinnarane!

Det var kulturminister Trine Skei Grande som delte ut alle prisane. Her tar ho ein selfie med prisvinnarane etter utdelinga.  Foto: Heiko Junge

Årets heiderspris gjekk til forfattar og omsettar Edvard Hoem. Juryen sa m.a. at «heidersprisvinnaren har skrive uforgløymelege portrett av menneske, deira liv og virke, og han har ei eiga evne til å skildre gleda og slitet i all slags arbeid, til å utforske sosiale klassar og vise nyansane i ulike menneskeliv. Heidersprisvinnaren har ei heilt eiga omsorg for karakterane sine, og han lar dei aldri stå fram som berre det eine eller det andre. Det er sagt om romanane til heidersprisvinnaren at dei er eit synleggjeringsprosjekt, at dei gir ei stemme til dei som ikkje har det. Forfattaren viser stor solidaritet, ikkje berre som forfattar, men også som eit samfunnsengasjert menneske.»

Brageprisen består av 75 000 kr og ein Brage-statuett laga av kunstneren Børre Larsen.

Alle norske forlag kan melde på bøker til prisen. Fire juryar nominerer fire bøker kvar, som så blir vurderte av eit såkalla elektorat som består av 27 elektorar frå heile landet, ni i kvar kategori (tre bokhandlarar, tre bibliotekarar og tre kritikarar). Elektorane stemmer, uavhengig av kvarandre, på dei fire nominerte bøkene i sin kategori. Boka med flest stemmer vinn. I open klasse er det juryen som avgjer vinnaren.