Aktuell med: Bildeboka Det runde problemet (2019)

Forfattar og illustratør Vegard Markhus med årets favoritt i heimen.

Kva barne- eller ungdomsbok skal du gi bort til jul i år­?

Ei av årets gåver blir Vi skulle vært løver av Line Baugstø. Niåringen heime er soleklar på at dette er den kjekkaste boka vi har lese saman i år. Eg er einig, og no skal andre få same gleda!

Kva bok ville du ønskt deg viss du sjølv var ung? 

Verdens beste pappa av Endre Lund Eriksen. Spennande og velskriven om eit viktig tema. Dottera mi likte boka så godt at eg blei nysgjerrig og las ho sjølv. Hadde alltid lyst til å lese eit kapittel til!


Har du eit juleminne knytt til ei barne- eller ungdomsbok?

Posten skal frem til jul, fru Pigalopp! av Bjørn Rønningen og Vivian Zahl Olsen. Fann eit gamalt eksemplar i bokhylla for nokre år sidan, og jammen vart det julestemning av det! Eitt kapittel per dag og lik avslutning på alle kapitla. Mot slutten av adventstida kunne femåringen ta seg av forteljinga sjølv.

Fru Pigalopp er det nok mange som hugsar frå Barne-TV på NRK på 1970- og 80-talet. Bjørn Rønningen er for øvrig også mannen bak Jul i Skomakergata frå 1979.

Les dei andre intervjua i NBUs julekalender her.