Gyrid Axe Øvsteng skriv både barnebøker og dramatikk. Foto: Dag Jenssen

Siste bok: Mørkt, illustrert av Per Ragnar Møkleby (2018)

Kva barne- eller ungdomsbok skal du gi bort til jul i år­?

Gabba gabba hey av Frode Grytten, illustrert av Gry Moursund. Den las eg for sonen min mest kvar kveld i minst eit halvår, og eg håper og trur den vil vera ein like stor slager hos årets mottakar.

Kva bok ville du ønskt deg viss du sjølv var ung?

Mygglandet av David Arnold, omsett av Stian Omland. Eg er ikkje sikker på om eg hadde visst at eg ønskte meg den, men eg skulle ønskt eg hadde lese den. Det hadde gjort godt for Gyrid 14 år.

Har du eit juleminne knytt til ei barne- eller ungdomsbok?

Prøysens jul. Den var viktig for å få på plass julestemninga. Nå berre ligg den der –som julepynt, liksom. Barna mine er bortskjemte på samtidslitteratur og godtek berre dét. Det er bitte litt trist, men mest fint.