Forfattar og journalist Magnhild Bruheim. Foto: Gudmund Moren

Aktuell med: Ungdomsromanen Avlyst på grunn av sorg (2019)

Kva barne- eller ungdomsbok skal du gi bort til jul i år­?

Vi har avgrensa julegåvene i familien, så eg gjev berre til fire personar, alle er vaksne. Men da tanteungane mine var små, gav eg dei alltid bøker i julegåve i håp om at dei skulle bli glade i litteratur. Viss ei eller ein av dei framleis var barn, ville eg ha gjeve Verden sa ja av Kaia Dahle Nyhus. Eg las den boka med stor interesse sjølv, ei historie om korleis verda vart til og utvikla seg, artig fortalt med tekst og illustrasjonar.

Kva bok ville du ønskt deg viss du sjølv var ung? 

Her er det fantastisk mykje bra å velja mellom, det kjem jo årleg ut så mange gode ungdomsbøker, så av den grunn kunne eg tenkt meg å vera ung i dag. Både som barn og ungdom hadde eg veldig sans for romantikk og spenning, men eg løfta også interessa opp til meir alvorlege tema. Eg vel meg boka Draumar betyr ingenting av debutanten Ane Barmen. Den fortel om mykje av det som høyrer ungdomsåra til, samtidig som hovudpersonen ber på ei tung sorg. Sjølv miste eg far min da eg var 15 år, og hugsar korleis den einsame sorga blanda seg inn i ungdomslivet. Derfor kunne eg kanskje finne trøyst og gjenkjenning i ei bok som dette.

Har du eit juleminne knytt til ei barne- eller ungdomsbok?

Om sant skal seiast, så kan eg ikkje hugse det. Men eg kan jo nemne at den boka som gjorde sterkast inntrykk på meg som barn, var Fagerlia av Halvor Floden. Mor las den for oss, og det var så trist og rørande at det var berre å gje seg over til gråten.

Når det gjeld jula, så høyrde bøkene alltid med i heimen vår. I fleire år var ei bok av Anne-Cath. Vestly blant julegåvene mine under treet. Alle sat med bøkene og kosa seg. Kanskje var vi meir interessert i å lesa enn å prate?