Forfattar, dramatikar, omsetjar og ukulelespelar Ragnar Hovland. I år er det 40 år sidan han debuterte som forfattar med Alltid fleire dagar (1979). Foto: Eli Berge

Aktuell med: Essaysamlinga Litt betyr det no likevel (2019). Siste bok for barn og ungdom: Om noko skulle skje (2016)

Kva barne- eller ungdomsbok skal du gi bort til jul i år­?

Ein klassikar for både barn og vaksne.

Kenneth Grahame: Det suser i sivet (The Wind in the Willows). Verdens beste barnebok gjennom alle tider. Det meinte også A.A. Milne, som var nærmast manisk opptatt av denne boka og reklamerte for den i alle samanhengar. Den har også nokre av verdens beste hovudpersonar, Mold Varp (Mole), Vann Rotte (Rat) og ikkje minst herr Padda av Paddeborg (Toad). Sistnemnde er ein av dei mest minneverdige karakterane i verdenslitteraturen, ein heilt ustyrleg psykopat. Dette er ei bok som har alt, også for ein vaksen lesar. Den er klok, djupsindig, melankolsk, nostalgisk og svært morosam. Siste utgåve på norsk kom i 2013, i omsetjing ved Bjørn Alex Herrman. Det som er synd, er at eit av dei finaste kapitla, det poetiske «The Piper at the Gates of Dawn» er fjerna frå alle seinare utgåver, både på engelsk og norsk.

Med undertittelen (eller: Alveolene kommer!). Om de merkelige hendelsene som rystet London den 26. og 27. mai 1973. En digresjonsroman. Vel blåst!

Kva bok ville du ønskt deg viss du sjølv var ung?

Eg veit jo lite om kven eg ville ha vore dersom eg var ung i dag, men dersom eg kan gå ut frå at eg ikkje ville vere totalt annleis enn den eg verkeleg var, så ville eg kanskje valt ei bok av Tor Åge Bringsværd, opptatt av m.a. science fiction som eg var. Og eg ville sikkert gått langt tilbake i tid og valt f.eks. Den som har begge beina på jorda står stille frå 1974. Inga ungdomsbok, nei visst, men det var ungdommen som las den.

Har du eit juleminne knytt til ei barne- eller ungdomsbok?

Den finaste boka eg nokon gong har fått til jul, var utan tvil den fantastiske Verden omkring oss, som kom ut på 1950-talet. Og eg var åtte år då eg fekk den. Det er ei kunnskapsbok som inneheld absolutt alt som eit ungt menneske treng å vite (sett med 50-talsblikk) med flotte illustrasjonar. Eg lærte meg namna på alle verdens dyr, også dei forhistoriske, båttypar, fly og tog, eg visste alt om verdensrommet, og eg visste korleis fjernsynet fungerte – før det var innført i Noreg! Boka blei borte på eit tidspunkt, men til all lykke fekk eg kjøpt den igjen på eit nettantikvariat. Og no er det nok den boka eg passar best på av alle dei eg har.

Originaltittelen? Odhams Encyclopaedia for Children ved Prof. J.A. Lauwerys, D.Sc., F.R.I.C.; R.W. Moore, D.Litt.; Brian Vesey-Fitzgerald, F.L.S. mfl.

Les dei andre intervjua i NBUs julekalender her.