Aktuell med: Jenta i kista (2019), lettlese grøss for barn illustrert av Camilla Kuhn, samt vaksenromanen Hjartet er ingen logrande hund (2019)

Kva barne- eller ungdomsbok skal du gi bort til jul i år­?

Eg vil gi bort Fugleguten av Rune Belsvik. Belsvik skriv så fint om å vere usikker, om å ville føle seg litt sterkare, vere litt annleis enn ein er. Og så er boka ei påminning om kor avhengige vi er av kvarandre, særleg av dei som står oss nær, og om kor vondt det kan vere å føle at ein ikkje er like høgt elska som før. Eg følte meg litt mindre einsam etter at las Fugleguten. Eg vil gi den til ein slektning som set pris på gode bøker.

Ei vakker og klok bok, men ikkje utan spenning og drama, meiner Laura Djupvik.

Kva bok ville du ønskt deg viss du sjølv var ung? 

Eg ville ha likt å få bøkene om superbitchene av A. Audhild Solberg, Miss av Synne Sun Løes og Fengsla av Hilde K. Kvalvaag. Eg hadde nok likt Vikarlærar Aalbus kosetime av Ragnar Aalbu veldig godt! Om nokon kom på å gi meg den. Det er så bra humor! Og sjølvsagt bøkene til Liv Marit Weberg.

Tre gode julegåvetips: ungdomsromanane Miss og og Fengsla samt ei bildebok som ifølge forfattaren sjølv «egner seg for kvikke barn i skolepliktig alder og voksne med behov for etterutdanning og evne til å takle bratte læringskurver».

Har du eit juleminne knytt til ei barne- eller ungdomsbok?

Nokre forfattarar sørger sjølve for julestemninga.

Eg har skrive juleboka God dag, herr Jul, eg har omsett julebøker til norsk, og i år har eg skrive ein fabel til juleheftet «Hellig Jul». Eg likar jula og bodskapen om fred og glede. Jula er vakker og sprø og litt trist også, så eg har både gode og triste juleminne.

Det beste julebokminnet mitt er ei knallraud bok med julesongar eg fekk av tante Berthy den jula eg var åtte. Lesing i jula er bra, men å få synge litt! På framsida av 10 kjente julesanger er det bilete av eit pynta juletre og veldig glade englebarn. Det einaste dumme var at songane stod på bokmål. Så eg skreiv inn nynorskteksten over bokmålteksten.

Er julesongen på bokmål? Gjer som Laura Djupvik!

God jul!


(Foto forside: Rolf M. Aagard)