Bøker, Nyheter

Barnas flyttebyrå nr. 1 hjelpte Deichman

1000 elevar frå fire barneskular i Oslo gjekk i tog frå det nedlagde hovudbiblioteket til Deichman og til det nye i Bjørvika i dag. På ryggen bar dei sekkar fylt med over 6000 bøker frå barneavdelinga.

– Barna er dei viktigaste lånarane våre og framtidas bibliotekbrukarar –og vi er veldig glade for at dei hjelper oss med å flytte samlinga si til det nye biblioteket i Bjørvika, seier biblioteksjef Knut Skansen.

Toget forlét Deichmanske bibliotek på Hammersborg kl. 12 i dag. Foto: NBU

Først i det rundt 300 meter lange toget gjekk politiets ryttarkorps. Rett bak følgde ordførar i Oslo Marianne Borgen og avdelingsdirektør for Deichman Bjørvika Merete Lie. Barna er elevar frå 2.–5. trinn ved Ila, Møllergata, Bolteløkka og St. Sunniva.

Ordførar Marianne Borgen (t.v.) og bibliotekdirektør Merete Lie gjekk først i toget. Foto: NBU

Inne i det nye biblioteket blei barna tatt imot av Kronprinsesse Mette-Marit, som er Norsk bibliotekforenings høge beskyttar. Etterpå plasserte barna bøkene i eit boktårn i første etasje, før dei dansa BlimE-dansen med Selma Ibrahim frå NRK Super og vekte bygget med eit høgt rop.

Det nye hovudbiblioteket i Bjørvika blir offisielt opna laurdag 28. mars kl. 13.

Toget gjekk bortover Akersgata, ned Karl Johan, over Christian Frederiks plass på sjøsida av Oslo S før det tøffa inn i Deichman Bjørvika midt mellom Oslo S og Operaen. Foto: NBU

Nokre av dei mange tusen bøkene som blei frakta frå gamle til nye Deichman i dag. Foto: NBU

Kommentarfeltet er stengt

Ansvarlig redaktør: Alexander Løken
Redaktør: Elin Hansson

E-post: sekretariat@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 1898 Vika, 0124 Oslo