Aldri har så mange bokmeldingar blitt publiserte på uprisen.no som i fjor. Heile 1450 meldingar av i alt 41 norske ungdomsbøker blei lagt ut. I dag blei det klart kva for bøker som er vidare til finalen.
Og dei nominerte er:
Elin Viktoria Unstad: Brådypt (Cappelen Damm)
Espen Dekko: Minus 14 (Gyldendal)
Neda Alaei: Dette er ikke oss (Gyldendal)
Thomas Enger: Enkebyen (Capitana)
Trygve Skaug: Følg med nå (Cappelen Damm)
Thomas Enger har vunne Uprisen to gonger tidlegare, det same har Terje Torkildsen. Om Enger stikk av med prisen i år igjen, vil han altså bli fyrstemann med tre sigrar. Historisk kan også Trygve Skaug bli med Følg med nå. Inga diktsamling har vunne Uprisen så langt.
Om Uprisen
Uprisen er ungdommens eiga kåring av årets beste norske ungdomsbok. Det er Foreningen !les som står bak, og kvart år deltar rundt 1000 ungdomsskuleelevar i kåringa, som fungerer slik: Ungdomsskuleelevar registrerer seg på uprisen.no og melder årets ungdomsbøker. Når året er slutt, les ein ungdomsjury alle bokmeldingane og vel ut fem bøker som går vidare til ein finale. Utvalet deira er basert på bokmeldingane, ikkje på bøkene.
Utover våren, derimot, er det bøkene som blir vurderte. Dei fem nominerte bøkene blir nå sendt til sju juryklasser over heile landet, som skal lese og diskutere bøkene før dei kårar sin favoritt. Vinnaren blir avslørt under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai.