Innkjøpsordningane for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar for barn og unge formidlar i hovudsak bøker til folkebiblioteka våre. I fjor blei det oppretta ei treårig forsøksordning der skulebibliotek kunne søke om å få bli inkluderte.

Heile 509 skulebibliotek søkte, og 200 er nå valt ut. I vurderinga har Kulturrådet mellom anna lagt vekt på kva ressursar skulebiblioteka har, og korleis biblioteka blir brukte i dag. Nokre av dei viktigaste spørsmåla har vore om skulen har ein skulebibliotekar eller annan dedikert ressursperson, om biblioteket blir brukt aktivt av klassene, om det finst ein plan for å nå fram til elevane med breidda i dei tilgjengelege bøkene, og om biblioteket er lett tilgjengeleg i skulebygningen.

Dei neste tre åra vil dei 200 skulebiblioteka få tilsendt ca. 120 titlar retta mot barn og unge frå innkjøpsordningane for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar.

Les meir og sjå lista over dei utvalde skulebiblioteka her.

Spangereid skolebibliotek i Lindesnes kommune, som fekk NBU-prisen i 2019. Foto: Line Hansen Hjellup/Rolf Steinar Bergli