Kulturrådet har ønskt seg innspel frå skribentorganisasjonane (NBU, FF og DnF) og forleggarane til problemstillingane knytt til innkjøpsordningane, og har innkalla organisasjonane til hastemøte. Innspel er også sendt inn skriftleg.

Kulturrådet ser seg nøydd til å gjere endringar for å bevare den automatiske skjønnlitterære ordninga. Behovet for endringar er begrunna med den store auken i påmeldingar. Eit av verkemidla er endringar i kategori 2-ordninga, og ein reduksjon av utbetaling til forlaga som ei overgangsløysing. Det siste rammar ikkje barne- og ungdomslitteraturen.

Dette er endringane :

  1. Ny innretning for kategori 2: Denne kategorien skal berre brukast av nye utgivarar. Ein ny utgivar er definert som ein aktør som aldri tidlegare har meldt på bøker til den automatiske innkjøpsordninga. Det gjeld òg når utgivaren er lik forfattaren. Nye utgivarar skal bruke kategori 2 heile det fyrste kalenderåret. Unntak er enkeltbøker omsett frå samisk til norsk; desse kan, uavhengig av forlag, blir meldt på i kategori 2.
  2. Nye betalingstabellar: Kulturrådet foreslår ei avkorting på 15 % i utbetalingane til forlaga. I fyrste omgang avgrensa til påmeldingar i perioden juni 2020 – februar 2021.
  3. Ny praksis for utbetalingstidspunkt: Det blir sett i gang eit arbeid for å førebu nye rutinar rundt utbetaling med tanke på implementering av nye rutinar hausten 2020.
  4. Det blir starta eit arbeid med innføring av eit påmeldingsgebyr for begge kategoriane. Påmeldingsgebyret skal dekke kostnader forbunde med vurdering, handtering og administrasjon av påmelde bøker. Dette kan tidlegast vere på plass våren 2021.

Les meir om grunnlaget for endringane her.