Christian Wiik Gjerde (f. 1981) har ei fortid som programleiar i NRK Super og er til dagleg journalist i den nynorske nettavisa Framtida Junior. Han har også skrive to bøker for barn, Jakta på firkløveren (2016) og Jul på Bukken hotell (2019). Nå er han nyslått medlem av NBU.
Kva betydde bøker for deg i oppveksten?
I barndomsheimen hadde vi svære bokhyller som fylte opp gangane, og som vi ofte klatra i. Vi barna hadde til og med eigne bokhyller på soveromma våre. Eg var ingen lesehest i starten, slik som resten av familien. Men då eg først oppdaga pappas gamle bøker om Fem-gjengen, var det ingen veg tilbake.
Kvifor ville du bli forfattar?
Det spørsmålet har eg fått fleire gongar, og eg svarar ulikt kvar gong. Denne gongen vel eg å svare at det berre blei slik. Etter eg vann ein skrivekonkurranse på ungdomsskulen, visste eg at skriving var noko eg var over gjennomsnittet flink til.
Kvifor valde du å skrive for barn?
Det er forskjell på å vere barnsleg og barnleg. Min pedagogiske hjerne tenker at vaksne ikkje skal vere barnslege. Eg ser på meg sjølv som barnleg. Så lenge hjernen min er barnleg, er det heilt naturleg at eg skriv slik eg gjer.
CV-en min viser også at lærarutdanninga, jobben i NRK Super, TV- og radiomanusa eg har skrive, og journalistjobben, rettar seg berre til barn.
Finst det ein raud tråd i bøkene dine?
Eg har berre skrive to bøker, men fellesnemnaren så langt ligg nok i miljøet. Eg kjem frå ei øy, og veit korleis det er å vekse opp ein plass der alle husa er som ein heim for deg. Litt som i Løvenes konge: «Alt du ser er ditt». Det er så innmari mange historier i alle dei ulike husa. Nokre hus er morosame, andre hus er triste. Og nokre hus er rett og slett heilt jævlige å gå inn i. Så fellesnemnaren så langt er nok det tette miljøet der vi trur at alle kjenner alle.
Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?
Eg vil at det eg skriv skal ose av overskot og formidlingsglede. Skriving har til no vore ein hobby som eg gjer etter at arbeidsdagen er over. Og i helger og i feriar. Då kan det vere vanskeleg å ose. Men eg er oppteken av osing. Og blir sur om eg ikkje osar godt nok.
Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?
Eg likar å gå i tjukkeleistar. No i koronatida har eg handla «kosekle» på nett. Det seier sitt. Eg hadde eit nyttårsforsett nokre år tilbake om å bli meir sexy, men det rakna to dagar inn i det nye året.
Eg er glad i å kose meg. Enten åleine eller med venner. Ute eller inne.
Og så er det dette evige maset om å trene, då. Eg skulle så gjerne klart å nyte ei treningsøkt. Men det er eit stort hat, som eg dessverre utsetter meg for.
Kva forventningar har du til NBU?
Eg var kjempesjalu når mamma lakka negler og gjekk på klubb med damene på Rafteseth. Dei hadde nemleg loddbok! No har eg liksom fått ein klubb, eg også. Håper det av og til er loddsal i NBU også.
Men seriøst: Eg er veldig takksam for å vere ein del av NBU. Det er noko med tilhøyrsle som kjennest trygt og godt, og som eg treng som forfattar.
Hjarteleg velkommen som medlem i NBU, Christian!
(Og så satsar vi på loddsal over sommaren!)