Espen Dekko. Foto: Privat/Gyldendal

Espen Dekko får Bokhandelens barne- og ungdomsbokstipend på 40 000 kroner. Jury har vore NBUs litterære råd. NBU gratulerer!

Espen Dekko (f. 1968) er frå Oslo og har jobba med scenekunst sidan 1990. Dei siste åra har han vore tilknytta Cirka Teater i Trondheim som regissør, utøvar og kunstnarisk prosjektutviklar. Han har også gått forfattarlinja ved Norsk barnebokinstitutt.

Dekko har gitt ut tre bøker for barn og ungdom, P + E (2017), illustrert av Mari Kanstad Johnsen, Tårer forandrer ingenting (2018) og Minus 14 (2019). Den første boka var nominert til NBUs debutantpris Trollkrittet, den siste var nominert til Kulturdepartementets litteraturpris i år og er ein av finalistane til Uprisen.