NBUs litterære råd før éinmetersregelen. Bak f.v.: Sigbjørn Mostue, Lene Ask og Harald Nortun (nestleiar). Framme f.v.: Charlotte Glaser Munch (leiar), Ingunn Røyset og Arnfinn Kolerud. Foto: NBU

Rådet har hatt to møter sidan sist, der vi mellom anna har avgjort seniorstipenda. NBU har ikkje brukt ei krone på køyregodtgjersle på oss i denne tida. Møta har nemleg vore haldne på Zoom.

Heilt ærleg: Det er mykje kjekkare å kome i lag på eit møterom på Granavollen, med fruktskål og kolsyrevatn like innom døra. Der kan vi lettare avbryte og snakke i munnen på kvarandre, brumme samtykkande eller sukke indignert.

På Zoom er du eit fjes i ei rute ved sida av eit anna fjes i ei rute. Ei gul ramme markerer kven av oss som har ordet. Å delta på digitale møte er som å vere med i ein teikneserie med altfor lite ytre handling.

Men sånn må det berre vere no i Covid 19-tida, og vi får jo gjort det vi skal, som er å diskutere bøker og fortattarar.

På neste Zoom-møte er det nettopp dei nyoppretta Covid 19-stipenda som står på programmet. Når verda er som den er, hjelper det i alle fall litt med desse ekstrastipenda. I alt har det kome inn 74 søknadar. Vi les søknadane kvar for oss før vi kjem i lag på skjerm. Inne i den gule ramma skal vi kjempe for kandidatane våre, blauthjarta og hardnakka, før vi zoomar oss inn til 14 mottakarar.

Frå store delar av landet blir det elles meldt om ein dårleg haust i tre og buskar. Det blir lite ripsgelé og plommelikør å meske seg med i vinter.

Til gjengjeld har bokhausten opna godt. Postkassene står og gapar for tida, fulle av brune bokpakker frå Sentraldistribusjonen. Vi i rådet kan berre plukke og nyte.

Gratulerer og takk til alle som har levert bok i år! Vi håper at alle bøkene når ut til mange små og store leseløver.

Les også:
Rådets hjørne: En spesiell tid (mars 2020)
Rådets hjørne: Evaluering og begeistring (januar 2020)
Rådets hjørne: Den søte ventetid (desember 2019)
Rådets hjørne: Lesehøsten (oktober 2019)