Uprisen er ungdommens eiga kåring av årets beste ungdomsbok. Nær 1000 ungdommar deltar i kåringa, og i dag blei årets pris delt ut under Pegasus-festivalen på Lillehammer.
– Dette er helt oppriktig min aller, aller største drøm, sa ei svært rørt Neda Alaei da ho fekk prisen for debutromanen Dette er ikke oss.
Neda Alaei er fødd i 1991 og har tatt forfattarstudiet ved Norsk barnebokinstitutt. Ho er utdanna barnevernspedagog og jobbar til dagleg som miljøterapeut. Ho har tidlegare mottatt Kulturdepartementets debutantpris for debutromanen, som er gitt ut på Gyldendal.
Les Upris-juryens grunngiving her.
NBU gratulerer!
Dei øvrige nominerte var Følg med nå av Trygve Skaug (Cappelen Damm), Enkebyen av Thomas Enger (Capitana), Minus 14 av Espen Dekko (Gyldendal) og Brådypt av Elin Viktoria Unstad (Cappelen Damm). Alle bøkene blei utgitt i 2019.
Årets juryklasser var frå Stokksund skule (Møre og Romsdal), Li skole (Viken), Hauketo skole (Oslo), Straumen skole (Nordland), Hokksund ungdomsskole (Viken), Ajer ungdomsskole (Innlandet) og Søndre Land ungdomsskole (Innlandet).
Uprisen blei utdelt første gong i 2007 og blir arrangert av Foreningen !les i samarbeid med Norsk Litteraturfestival og Den kulturelle skolesekken. Prisen blir vanlegvis delt ut under Norsk Litteraturfestival i mai, men blei flytta til september i år med eit avgrensa tal deltakarar i salen. Arrangementet blei også strøymt på Youtube.
Sjå lista over tidlegare vinnarar.