Det litterære rådet i NBU før éinmetersregelen. Bak f.v.: Sigbjørn Mostue, Lene Ask og Harald Nortun (nestleiar). Framme f.v.: Charlotte Glaser Munch (leiar), Ingunn Røyset og Arnfinn Kolerud. Foto: NBU

Det er denne tida på året igjen. Mørket kryp inn i krokane, julebrusen er for lengst på bordet, og søkarlista har nådd fram til stipendkomiteen si e-postkasse. Det er på tide å ta på lesebrillene og sette inn siste lesespurt for å finne dei verdige mottakarane av statlege stipendkroner.

I år er det likevel noko som er uvant i den årlege førjulsstria. I 2020 er det ikkje berre lesebriller som må på, men også munnbind og antibac. Bokpakkane frå forlaga vert handtert med plasthanskar og visir, som dei virusbombene dei er, og først opna etter ti dagar i karantene.

OK, det er mogeleg vi har overdrive litt der. Men det litterære rådet har tatt smittevernreglane til styresmaktene på alvor. Rådsmøta har gått føre seg på nett. Vi har ikkje sett kvarandre sidan stipendmøtet i januar. I alle fall ikkje i levande live. Vi sit heime, kvar for oss, og les oss trufast gjennom bokåret.

Dei boklege diskusjonane oss rådsmedlemmer imellom har difor ikkje utarta inn i dei seine nattetimar.

Difor blir det ekstra spennande å møtast til neste stipendrunde. For heldigvis er vi seks medlemmer i rådet. Seks personar med ulik bakgrunn som forfattarar og som lesarar, og med mangslungen kompetanse innanfor litteraturfaget. Så sjølv om vi stort sett er samstemte i tilrådinga til prisar og stipend, er det alltid ein som har eit varmt hjarte for ein outsider, ein debutant eller ein godt vaksen travar.

Den viktigaste styrken vi har som rådsmedlemmer, er at vi alle er aktive forfattarar, som har ei samla erfaring i å få gode tilbakemeldingar på bøkene våre, og dårlege. Vi veit korleis det kjennest å bli refusert, og kva ein føler når ein får stipend og prisar.

Til saman veit vi også korleis det er å kjempe med kvardagen for å få tid til å skrive, anten ved sida av full jobb eller etter vekevis på skuleturné. Og vi kjenner den herlege følelsen av å ha ein heil haust framfor seg der ein kan leike seg med eitt einaste bokprosjekt.

Noko nytt dei fleste av oss har erfart det siste året, er at stengde barnehagar og skular kombinert med heimekontor ikkje skaper den heilt store produktiviteten. Heller ikkje for den som vil prøve å skape litterære verk. Dei fleste av oss har nok sanka ein del nye opplevingar å skrive om i 2020, men alle har ikkje hatt like mykje tid og ro til å få det ned på papiret.

Difor er dei mange utgjevingane i haust ekstra imponerande, med tanke på at dei fleste av desse bøkene var i sluttspurten akkurat då heile samfunnet vart stengt ned i vår.

Og medan mørket stenger for utsikta utanfor vindauget, blar vi gjennom bunken av bøker som har gitt oss mange lyspunkt i 2020.

Den første bølga av koronalitteratur har enno ikkje nådd oss, men vi i det litterære rådet reknar med ein topp neste bokhaust. For er éin ting ein får tid til, når all sosial omgang er avlyst og statsministeren gir oss beskjed om å halde oss heime, så er det vel å skrive.

 

Les også:
Rådets hjørne: Sommar på Zoom (september 2020)
Rådets hjørne: En spesiell tid (mars 2020)
Rådets hjørne: Evaluering og begeistring (januar 2020)
Rådets hjørne: Den søte ventetid (desember 2019)
Rådets hjørne: Lesehøsten (oktober 2019)