Trude Tjensvold hadde vore illustratør og bildekunstnar i mange år før ho debuterte som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut i 2016. Sidan har ho utgitt bildebøkene Vil du ha katt? (2019) og Bålet (2020). 

Trude Tjensvold (f. 1964) kjem frå Stryn, men er busett i Oslo. Foto: Kristin Aafløy Opdan

 Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

Veldig mykje. Eg var ein klassisk lesehest og las det meste eg kom over.

Eg vaks opp på ein gard oppe i ein dal inst i ein fjord. Der var det god plass til å kjede seg, og for å få selskap lærte eg meg tidleg å lese. Bøkene blei gode og kjære vener som eg gjerne las fleire gongar.

Kvifor ville du bli forfattar?

Det var eigentleg ikkje planen å bli forfattar. Eg ville veldig gjerne illustrere store, flotte bildebøker. Men så rann ikkje akkurat oppdraga inn, og eg bestemte meg for å prøve meg på tekst. Eg tenkte då at eg skulle få mange fine og imponerande illustrasjonsoppdrag, men telefonane frå forlaga har late vente på seg, og no er det ikkje så farleg lenger. Eg fann nemleg ut etter kvart at det var minst like morosamt å skrive som å illustrere!

Kvifor valde du å skrive og illustrere barnebøker?

Eg likar å skrive kort, og eg likar å teikne og måle til teksten. Det kan ein sjølvsagt òg gjere for vaksne, men barnelitteraturen tilbyr så store rom for leik og fantasi og artige krumspring. Eg likar å leike med teksten og orda i like stor grad som med bilda.

Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?

Hmm. Den var vanskeleg. Kanskje det at handlinga er blodig alvor, men historia er (forsøkt …) formidla med humor?

Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

Eg prøver å skape mest mogleg samansette og komplekse karakterar med få ord og verkemiddel. Samstundes ynskjer eg at teksten skal ha fleire lag, og eg jobbar ein god del med dette.

Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?

Eg er veldig glad i å måle store bilde i fine fargar med stygge og rare motiv.

Etter det må det vere å reise til mest mogleg rare og merkelege plassar, men for tida må eg nøye meg med å grave i parsellhagen, som eg òg likar godt. No i koronatida går det mykje i Netflix. Og popkorn.

Korleis er forventningane til NBU?

Skyhøge! Både fagleg og sosialt. Eg har høyrt så mykje positivt om denne foreninga, og eg har gleda meg enormt til å bli medlem.

Da gjenstår det berre å ynskje deg hjarteleg velkommen som medlem i NBU, Trude!