Inger Johanne Sæterbakk bokdebuterte i 2013 med ein vaksenroman om sex, fyll og offentleg forvaltning. Fire år seinare skreiv ho si fyrste barnebok, 1000 dagar, og i fjor kom Rundt jorda og tilbake. Nå er ho nyslått medlem av NBU.
Kva betydde bøker for deg i oppveksten?
Bøker betydde veldig mykje for meg då eg vaks opp. Eg levde meg veldig inn i andre sine liv gjennom bøkene, og skreiv lange og dramatiske forteljingar på skolen om alt det eg ikkje hadde opplevd sjølv, men fått tilgang til gjennom litteraturen.
Kvifor ville du bli forfattar?
Som barn var det nok det å vere forfattar og gi ut bøker som lokka meir enn skrivinga. Det å vere forfattar var for meg nesten litt glamorøst. Som vaksen skjønte eg at eg hadde minne, observasjonar og eit språk eg kunne bruke til å fortelje større historier. Og at det å vere forfattar ikkje var så veldig glamorøst.
Kvifor valde du å skrive for barn?
I første omgang var det forlaget som spurde meg om det, og det er eg glad for. Eg liker veldig godt å skrive om og for ei målgruppe som manglar den mengdetreninga i å vere menneske som vi har som vaksne. Det gir så mykje spelerom, både i det som er fint og det som er vanskeleg.
Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?
Det er mykje kvardag og realisme i dei to bøkene mine, og begge dreiar rundt eit venskap mellom ei jente og ein gut. Dei sterke og viktige relasjonane er kanskje ein slags raud tråd så langt.
Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?
Når eg er ute i skolen, kjenner eg at hjartet mitt bankar litt ekstra for dei litt ukule og stille jentene og gutane i klasserommet. Og det er også dei typane eg har lyst til å løfte fram i det eg skriv.
Og så er eg naturlegvis opptatt av det gode språket.
Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?
Eg jobbar fulltid som språkkonsulent på Det Norske Teatret, og det er veldig kjekt, sjølv om eg også skulle ønske at eg hadde meir tid til å skrive. Elles les eg mykje og er mykje ute i marka. To ting som er bra for inspirasjonen.
Kva forventningar har du til NBU?
Eg håpar at NBU kan bidra til å løfte barnelitteraturen opp frå ein litt usynleg stad i offentlegheita og vere ein god rettleiar for meg som forfattar i ei tid med store skifte i bokbransjen. Og så ser eg fram til å ha ein sosial og fagleg møteplass.