Kulturrådet har sett i gang ei ny inntektsundersøking blant kunstnarar. Sist ei slik undersøking blei gjennomført, var i 2014.
Inntektsundersøkingane er det viktigaste verktøyet for å kartlegge kva for inntekter kunstnarane har. Kunnskapen blir brukt i politisk arbeid for å styrke inntektene og arbeidsforholda til kunstnarar.
NBU oppfordrar derfor alle medlemmene til å delta.
Etter sist undersøking kom det tilbakemeldingar om at undersøkinga var for avansert. Denne gongen blir alt av inntektsdata henta frå offentlege register, så du slepp å styre med næringsoppgåver og skattemeldingar for å svare.
NBU deler ikkje medlemsregisteret vårt med nokon, så vi ber deg derfor om sjølv å registrere deg for å få tilsendt undersøkinga. Alle medlemmene i NBU skal ha fått tilsendt lenke til undersøkinga på e-post. Ta kontakt med administrasjonsleiar i NBU om du ikkje har fått e-posten.