Utgir du di fyrste skjønnlitterære barne- eller ungdomsbok i år? Eller kom boka i fjor? Da er du hjarteleg velkommen til NBUs debutanttreff torsdag 23. september kl. 18.00 – 21.00.

Kvart år inviterer NBU alle barne-/ungdomsbokdebutantar til debutanttreff. I fjor blei treffet avlyst på grunn av koronapandemien. I år inviterer vi derfor både årets forfattardebutantar og dei som debuterte i 2020.

Debutanttreffet finn stad i Amalie Skram-salen på Litteraturhuset i Oslo.

Program: 

  • Alexander Løken, leiar i NBU, informerer om foreininga og gir nyttige tips for ferske forfattarar.
  • Johan B. Mjønes, medlem i NBUs litterære råd, informerer om rådet og kunsten å søke om stipend.
  • Camilla Kuhn, forfattar og illustratør, fortel om bøkene sine og forfattaryrket.

Det blir servert blomkålsuppe og diverse drikke.

Velkommen!

Er du debutant og har ikkje fått invitasjon på e-post? Ta kontakt med NBUs sekretariat: sekretariat@nbuforfattere.no.

NBU  har dessverre ikkje høve til å dekke eventuelle utgifter til reise og opphald.

 

(Bildet på framsida er av debutantane på treffet i 2018. F.v.: Hanne Fossaa Eriksen, Monia Nilsen, Pia Tveterås, Kristin Bortolotti og Irene Ahnéll. Foto: Mette S. Tønseth)