
Tre av dei åtte barne- og ungdomsbøkene som er nominerte til Brageprisen i år.
I dag blei nominasjonane til Brageprisen offentleggjort. I år er det ekstra mange barne- og ungdomsbokforfattarar blant dei nominerte, sidan open klasse er sakprosa for barn og unge.
Her er dei nominerte i desse to kategoriane:
Barne- og ungdomslitteratur
Tiger Garté: Dette dreper oss (Vigmostad & Bjørke)
Erlend Skjetne: Eit anna blikk (Flamme Forlag)
Kjersti Skomsvold, illustrert av Mari Kanstad Johnsen: Dyrene sover (Aschehoug)
Kristine Rui Slettebakken: Sommer med Jo (Gyldendal)
Open klasse: Sakprosa for barn og unge
Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl: Gutteboka. Din guide til puberteten (Aschehoug)
Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lie: Søstre. Min historie etter Utøya (Vigmostad & Bjørke)
Anna Fiske: Hvordan er det å være voksen? (Cappelen Damm)
Line Halsnes: Tøffe maskiner (Cappelen Damm)
NBU gratulerer!
Sjå alle dei nominerte og les juryens grunngjevingar her
Brageprisen 2020 blir delt ut på Dansens Hus i Oslo 25. november.