I går mottok Erlend Skjetne og Mariangela Di Fiore Brageprisen i kategoriane barne- og ungdomslitteratur og sakprosa for barn og unge (open klasse). NBU gratulerer!
Barne- og ungdomslitteratur
Erlend Skjetne mottok prisen for ungdomsromanen Eit anna blikk (Flamme forlag). Romanen finn stad på eit flyktningmottak i Nord-Noreg, der atten afghanske gutar, mellom anna Anwar, bur. Les intervju med Skjetne her.
Øvrige nominerte:
Tiger Garté: Dette dreper oss (Vigmostad & Bjørke)
Kjersti Skomsvold, illustrert av Mari Kanstad Johnsen: Dyrene sover (Aschehoug)
Kristine Rui Slettebakken: Sommer med Jo (Gyldendal)
Open klasse
Open klasse var i år sakprosa for barn og unge, og her gjekk Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lies Søstre. Min historie etter Utøya (Vigmostad & Bjørke) av med seieren. Boka er ført i pennen av Di Fiore og handlar om Cathrine Trønnes Lies liv etter at ho blei skoten og mista veslesystera si på Utøya i 2011.
– At vi står her i dag og tar imot denne prisen, er helt fantastisk. Søstre er så mye mer enn en bok, det er også historien om Cathrine sitt liv, og også mitt liv, sa Mariangela Di Fiore i takketala.
Øvrige nominerte:
Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl: Gutteboka. Din guide til puberteten (Aschehoug)
Anna Fiske: Hvordan er det å være voksen? (Cappelen Damm)
Line Halsnes: Tøffe maskiner (Cappelen Damm)
Brageprisen består av 75 000 kr og ein Brage-statuett laga av kunstnaren Børre Larsen.
Alle norske forlag kan melde på bøker til Brageprisen. Fire juryar nominerer fire bøker kvar, som så blir vurderte av eit såkalla elektorat, som består av 27 elektorar frå heile landet, ni i kvar kategori (tre bokhandlarar, tre bibliotekarar og tre kritikarar). Elektorane stemmer, uavhengig av kvarandre, på dei fire nominerte bøkene i sin kategori. Boka med flest stemmer vinn. I open klasse er det juryen som avgjer vinnaren.