Det nærmar seg jul, og som i fjor og året før byr NBU på ein aldri så liten julekalender. I år er konseptet FIRE FORFATTARAR I ADVENT. Kvar veke fram mot jul vil fire medlemmer gi oss eit innblikk i livet sitt – og anbefale gode bøker. Andre forfattar i advent er Asbjørn Rydland.

Asbjørn Rydland (f. 1976) er forfattaren bak fantasyseriane Drakeguten og Vegandi. Galderstjerna, fyrste bok i Vegandi-serien, blei lønt med Uprisen i 2017. Foto: Tove K. Breistein

– Korleis har det siste året vore? 

– 2021 har vore både ein opptur og ein motbakke. Dei to åra før det var ganske tunge av ulike grunnar. Eg sleit med skrivesperre og manglande produktivitet, og i tillegg blei far min alvorleg sjuk og døydde til slutt i fjor haust. Han var ein ivrig lesar, engasjert fagforeiningsmann og langvarig mållagsmedlem, og var alltid nysgjerrig på kva eg dreiv med og utolmodig på å lesa neste halvferdige bok. Vi syntest begge det var trist at han aldri kom til å få sjå slutten på Vegandi-bøkene.

Med eit slikt bakteppe skulle det kanskje ikkje så mykje til at 2021 blei eit betre år, men det var ikkje før litt utpå våren at det losna. Eg kom til slutt fram til at det einaste som kunne bryta skrivesperra, var eit heilt nytt prosjekt, så eg la bokserien eg jobba med til side, og bestemte meg for å ta fatt på noko kortare og meir sjølvstendig. Så langt i karrieren har eg hatt ein tendens til å skriva langt og mykje, og det å skriva ei historie på berre éi bok har vore ganske utenkjeleg. Så dette blei ei utfordring!

Å skifta fokus når ein står fast, er sikkert ein kjent teknikk for dei fleste, men eg har aldri prøvd det på dette nivået før. Hoppa over eit kapittel no og då, klart, men ei heil bok? Nei. Men det har fungert betre enn eg våga å håpa. I august bestemte eg meg for at eg faktisk kunne greia å ha førsteutkastet ferdig til desember, og sidan då har det gått slag i slag. Lange dagar og mykje grubling, men det har vore godt å kjenna flyten koma tilbake og sjå at historia veks dag for dag, veke for veke.

Målet er å ha ei ny bok ute til våren, så det blir mykje jobb dei neste månadane òg, men eg går iallfall inn i juletida med ein god følelse og gleder meg til redigering og finpussing.

– Kva skal du elles gjere i jula?

For meg handlar jula om familie. Vi har aldri vore spesielt religiøse, men vi er glade i tradisjonar og liker å samlast. Eg har budd i Oslo heilt sidan studietida, men annakvart år har eg tatt turen over fjellet og reist heim til Seim til jul. Sånn blir det i år òg.

Det blir juletrehenting, sjølv om det kanskje blir frå senteret og ikkje sjølvplukk i skogen som då eg var liten. Det blir julegraut med storfamilien, med mandel og marsipan og sikkert julesongar òg. Det blir julemiddag med dei næraste, men der er tradisjonen faktisk ganske laus, så akkurat kva det blir, veit eg ikkje enno. Kva som står på bordet, er uansett ikkje det viktigaste.

– Blir det noko lesing i juleferien, da?

– For min del blir det nok fort meir skriving og redigering enn lesing denne jula, men eg kjem nok til å bruka litt tid på å saumfara bokhyllene heime på jakt etter ein klassikar eller to. Eg veit bl.a at det er ein del bøker av Arto Paasilinna der som eg lenge har tenkt eg burde gjera meg kjent med. Og så veit ein jo aldri når det er jul. Sjansen for at det dukkar opp ei hard, flat og firkanta pakke under treet er større enn null, for å seia det forsiktig.

I jula kan Asbjørn Rydland òg godt finna på å lesa gamle favorittar på nytt, som Terry Pratchetts Hogfather.

– Heilt til slutt: Kva for bøker har du sjølv tenkt å gje bort?

– Eg har ikkje så mange ungdomar på julegåvelista, men eg har ein nevø som lever for fotball. Om det blir ei bok under treet for han i år, er eg ikkje sikker på enno, men i så fall er nok Kampfikseren eller ei av dei andre bøkene til Michael Stilson sterke kandidatar.

Elles synest eg både Jegeren av Tor Arve Røssland og Freaks av Jan Tore Nordeng høyrest spennande ut. Begge tar for seg problematisk og farleg gruppetilhøyrsel, noko eg trur blir eit stadig meir viktig og aktuelt tema framover.

Tre sterke kandidatar til unge lesarar.

– Takk for praten, Asbjørn, og god skrivejul!

 

Les også:
Fjerde forfattar i advent: Alf Kjetil Walgermo
Tredje forfatter i advent: Line Baugstø
Første forfatter i advent: Annette Münch