Olla Rypdal har alltid vore hekta på gode historier, og føretrekker å skrive dei på nynorsk. Så langt har det resultert i åtte bøker, fleire av dei med eit spennande mysterium i sentrum.  

Olla Rypdal (f. 1957) debuterte med barneboka Amulettmysteriet i 2017. Ho er busett i Brattvåg i Møre og Romsdal, der ho m.a. liker å gå tur med hundane sine. Foto: Privat

– Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

– Tilværet mitt var fylt med historier og bøker, då som no, mykje takka vere min morfar. Han introduserte meg for perlene i verdslitteraturen, og var sjølv ein habil forteljar. Å lukke verda ute og reise bort i ei bok var glede, spenning, terapi og vekst for meg.

– Var det kanskje derfor du ville bli forfattar?

– Eg har alltid vore «hekta» på historier. Av yrke er eg teaterpedagog og forteljar, og lagar både eigne produksjonar og samarbeider med andre aktørar innanfor ulike kunstuttrykk, som t.d. dans, animasjon, musikk, visuell kunst. Mange av desse produksjonane har vore og er på turné for Den kulturelle skolesekken. Forfattarverksemda blei slik ei naturleg utforsking av historieforteljing i litteraturmediet.

– Kvifor valde du å skrive for barn og unge?

– Eg er utdanna barnehagelærar i utgangspunktet, og har sidan tatt teaterutdanning retta mot barn og unge. Då eg alltid primært har formidla til denne aldersgruppa, kjenner eg meg framleis mest heime i den verda.

– Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Eg er sjølvsagt opptatt av at barn og unge skal få kvalitetslitteratur på nynorsk, og prøver så godt eg kan å gje mitt vesle bidrag. Å fortelje ei god historie er viktig for meg, noko eg trur det alltid vil vere plass for, uansett trendar i barnelitteraturen.

– Finst det ein raud tråd eller fellesnemnar i historiene dine?

– Då eg starta med bokskrivinga, var eg ikkje bevisst nokon raud tråd. Eg ønskte å skrive gode historier på nynorsk. Men det viser seg at alle bøkene har bindeleden mellom «før» og «no» som raud tråd og viktig element. T.d. kan eit gammalt brev eller eit fotografi vere utgangspunkt, eller myter og legender, eller uløyste mysterium frå tidlegare tider.

– Og elles, kva likar du å gjere når du ikkje skriv?

– Ut på tur i all slags vêr med hundane mine! Det får fart på tankeprosessane.

– Heilt til slutt: Kva forventningar har du til NBU?

– NBU gjer ein viktig jobb for å synleggjere god litteratur for barn og unge, og for å ivareta forfattarane. Det er ei glede å få vere med i dette fellesskapet.