I år har NBUs julekalender fått namnet «Fire forfattarar i advent». Dei siste tre vekene har tre medlemmer gitt oss eit innblikk i livet sitt og anbefalt gode bøker. Fjerde og siste forfattar i advent er Alf Kjetil Walgermo.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) har skrive fleire kritikarroste barne- og ungdomsbøker, bl.a. Mitt bankande hjarte (2011) og Kjære søster (2015). Foto: Agnete Brun

– Korleis har det siste året vore?

– Dette året har vore tøft. Eg og kona mi opplevde for andre gong å miste eit barn seint i svangerskapet. Det har vore ein vond prosess å arbeide med denne typen sorg ein gong til. Samtidig har ikkje pandemien gjort ting enklare, med ulike typar restriksjonar og mindre sosial kontakt. Meir enn nokon gong kjenner eg behovet for å løfte fram det gode, glede meg over småting, vere raus mot meg sjølv og andre og finne meining i dei lommene av lys som pregar sjølv den gråaste kvardag. Samle på lysglimt, som dei formulerer det i barnehagen til son min.

Lysglimt har det også vore på forfattarsida. Etter å ha blitt avlyst rett før premieren i vår gjekk teaterstykket mitt Den minste engelen på Det Norske Teatret no i haust. Det var gøy, med sterke prestasjonar frå eit stort lag av framifrå kunstnarar – skodespelarar, regissør, dramaturg, scenograf og andre.

Og så har eg vore så heldig å få jobbe med ein fantastisk illustratør på eit nytt bokprosjekt. Meir om dette i 2022! Sjølv om vinteren først kan bli vanskeleg, har eg tru på at det nye året skal løfte seg til noko vakkert, varmt og vedunderleg.

Kva betyr jula for deg?

– Jula betyr mange ting for meg. Vi har ei jente på sju år og ein gut på fire, så eg forstår betre enn før kor mykje av jula som ligg gøymt i den barnlege gleda over små og store under. Peparkakene. Pyntinga av juletreet. Juleepisoden av Peppa Gris (ja, eg veit, vi skal lure dei over på Tre nøtter til Askepott etter kvart).

Men sjølv om vi også i år kjem til å ha mandel i grauten, vilter juletregang og gåvebonanza til langt over leggetid, er jula aller først ei forteljing om den største gåva – det vesle barnet som blei fødd, sveipt og lagt i ei krubbe, mens stjerna lyste opp betlehemsnatta. «Den fyste gong hu skinte / så laga hu ei bru / i milla seg og himmel’n / og ei krybbe og ei ku», som Alf Prøysen seier det så meisterleg i «Julekveldsvisa».

– Blir det tid til lesing også?

– Eg skal iallfall lese Alf Prøysens Snekker Andersen og julenissen endå ein gong. Truleg blir det også ein runde med Astrid Lindgrens juleforteljingar, ikkje minst Jo visst kan Lotta nesten allting! Om eg får litt tid for meg sjølv, har eg planar om å lese Bjørn H. Samsets 2070 og Anne Carsons Rød selvbiografi.

– Takk for gode boktips! Kva for bøker har du tenkt å gje i julegåve, da?

– Eg vil gjerne gi bort ei bok av min gode kollega frå forfattarlandslaget i fotball, Peter F. Strassegger. Peter er god til å takle, men endå betre til å skrive. Med Aleksander den store går han inn i brennbare og samfunnsaktuelle spørsmål som pregar kvardagen til mange norske ungdommar i dag. Boka var nyleg nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.

Om kattar og utanforskap til hhv. 9-12-åringen og tenåringen.

Om eg får gi bort ei bok til, må det bli Ellen Sofie Lauritzens Må. Ha. Katt!. I denne boka regjerer nemleg katten Alf, som aspirerer til å bli YouTube-stjerne! Katten klore! Her snakkar vi slukebok for alle som har boktittelens ordlyd som integrert del av sitt eige lengtande hjartedjup.

Ver så god! Og god jul!

– God jul til deg også ! Og godt nytt år!

 

Les også:
Tredje forfatter i advent: Line Baugstø
Andre forfattar i advent: Asbjørn Rydland
Første forfatter i advent: Annette Münch